-Ta kontakt for gode råd 

Ny og større tiltakspakke for næringslivet blei presentert måndag 16. mars. Lokale rådgjevarar meiner bedriftene no må bruke nettverket dei har for å finne gode løysingar slik at skadeomfanget av korona-viruset blir redusert mest mogleg. 

Image
På heimekontor:  Asbjørn Moe i Fikse Næringsutvikling og Morten Helland i Medvind Næringshage er klare til å bistå bedrifter i tida framover, og kan vera gode sparringspartnarar. 

 

Regjeringa la fredag fram den varsla krisepakka for næringslivet. I pakken kom dei med nokre strakstiltak, som utsett frist for å betale forskotskatt  og ekstra skjønnsmidlar til kommunar som har hatt større meirutgifter i samband med virusutbrotet. 

Måndag 16. mars gjekk regjeringa hardare til verks og varsla nye reglar rundt permittering, sjukepengar, omsorgspengar og ekstra støtte til dei sjølvstendig næringsdrivande og frilansarar. 

Sjølvstendig næringsdrivande som no mistar heile eller deler av innteksgrunnlaget sitt som følgje av korona-epandemien, får kompensasjon med ei dekningsgrad på opptil 80% av gjennomsnittsinntektene dei siste tre åra. I tillegg blir permitterte nå sikra full løn i minimum 20 dagar, der bedrifta dekker dei to første dagane. Når det gjeld sjukepengar er arbeidsgivarperioden sett ned til tre dagar, det same gjeld for sjølvstendig næringsdrivande. Omsorgspengane blir dobla og arbeidsgivarperioden for betaling blir redusert til tre dagar. 

Også innbetaling av meirverdiavgift og forskotsskatt blir utsett. Meirverdiavgiftssatsen blir redusert frå tolv til åtte prosent. 

Statsminister Erna Solberg peika også på at bankane blir viktige for å sikre bedriftene god likviditet framover. 

-Me er klar over at bankane har eit stort ansvar, og me er klar til å vår del av dugnaden. Så er det også vanskeleg å forutsjå korleis dette vil utvikle seg framover, seier Magne Christiansen i Sparebank 1 SR-Bank i Ølen.

Han meiner det er viktig at banken er tilgjengeleg når det stormar i samfunnet, og meiner dei skal klare å finne gode løysingar for både private og bedrifter framover, Christiansen trur slik som mange andre at denne unntakstilstanden kan bli langvarig.

-For bedriftene er det likviditeten som blir den viktigaste, mange av bedriftene som blir råka er små og mellomstore, spesielt for dei som er nyoppstarta blir dette tøft, slår han fast.

- Mange bedrifter har verdi i maskiner og anna, men ikkje nødvendigvis ein god buffer økonomisk. Det er viktig at desse no tar kontakt slik at me kan få sett på raske og gode løysingar.


Fleire krisepakkar 

Dagleg leiar i Medvind Næringshage, Merete Vårvik Matre, er samd med Christiansen at bedriftene no må søkje kunnskap og råd i nettverk og støtteapparatet som finst lokalt. 

- På fredag kom det nokre gode og konkrete løysingar, som utsetjing av å betale forskotsskatt for mange, permitteringsreglane er også viktige for å hjelpe mange bedrifter over kneika. I dag blei tiltaka utvida, noko som kan gi større tryggleik for bedriftene, seier Vårvik Matre.

- No er det viktig å bruke nettverket bedriftene har, dei kan ta kontakt med regnskapsførar, eller andre rådgjevararar dei har tett på seg, og sjølvsagt også ringe oss i næringshagen. Betalingar ein får utsett må ein hugse på å gå inn i banken og justere betalingsdato på sjølv.


Blir unntakstilstand

Vårvik Matre trur dei neste månadane blir knalltøffe for mange av bedriftene i regionen. Det får ho også støtte i frå dagleg leiar i Fikse Næringsforening, Asbjørn Moe, som er glad krisepakkane er komne på bordet, sjølv om den ikkje løyser alle utfordringane framover. 

- Dette er blytungt, og ein unntakstilstand. No må det strakstiltak på bordet som fungerer, og i første omgang gjer at ein unngår konkursar og at folk mister jobbane sine, seier han.

- Det me likte aller best var omgjering av permitteringsreglane, noko som er til gode for både bedriftene og dei tilsette, i tillegg til utsetjing av betalingsfristar. Det hjelper noko.

Også han meiner bedriftene må ta kontakt i ei vanskeleg tid.

- Me kan hente inn spesialistar bedriftene treng, og det kan vere godt å ha nokon å diskutere med når viktige spørsmål som når bør ein permittere, eller eventuelt stenge ned dukkar opp.

Alle tre er samde om at tempoet i lokalt næringsliv vil bli redusert ei tid framover, men håpar at ein skal kome ut av det så robust som ein klarer i andre enden.


Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips