Strikketøy og mat til folket 

Etter at regjeringa «stengde» Noreg torsdag ettermiddag, er det allereie kreative løysingar på drift å spore i det lokale næringslivet.  

Image
Anne Karen Stran Eikeland ved Christiansen Bakeri er blant fleire aktørar i næringslivet som tilbyr heimelevering av varer. 


Nokre lokale bedrifter kom allereie torsdag ettermiddag ut med tilbod om heimelevering av varer. Christiansen Bakeri i Ølen tilbyr nå heimelevering av brød, kaker, bakst, påsmurd, pizza og meir. 

- Me diskuterte litt rundt at folk uansett treng mat og mottoet vårt er at me vil gje best mogleg service til ei kvar tid, og kan ikkje kundane våre koma til oss, vil me koma til dei, fortel medeigar og dagleg leiar, Anne Karen Stran Eikeland.  

Bakeriet har framleis open kafe, men har redusert mengda stolar og skjerpa ein i utgangspunktet god hygiene.

- Me har allereie fått ein god del bestillingar på levering både heim til private bustadar og lunsjleveringar til bedrifter i nærområdet for i dag og neste veke. Sidan mange nå er nøydd til å stengje kantina på arbeidsplassen, kjem gjerne me inn i bilete, fortel Stran Eikeland og legg til at dei har ein eigen pizza som kan vera eit godt lunsj alternativ.

Strikketøy i karantene

Søstrene Lye i Etne la torsdag ettermiddag ut på Facebook at dei kan levera garnpakkar, blomar og gåver til dei som ønskjer og treng det. Det var etter at dei den same ettermiddagen opplevde at kundar ringde inn og bestilte for så å kome innom for å plukke opp varer.  

- Ideen kom i går då me var på jobb. Salet byrja å auke på garn og kundane ville sikra seg i tilfelle dei kom i karantene. Då byrja me å tenkja på dei som er i risikogruppa og ikkje har anledning til å komme innom butikken, fortel Marlene Ness Lye.  

- Me ønskjer at alle skal få moglegheita til å kunna få seg eit strikkeprosjekt og gi eller få oppmuntring på døra i form av blomar og gåver.

Kundar kan nå butikken på telefon eller Facebook og betaling skjer over Vipps. Då kan varene bli levert utan menneskeleg kontakt, sidan varene vert hengt eller sett utanfor døra.  

Følger situasjonen tett

I blomsterbutikken held dei god handhygiene, vaskar jamt bankterminal, kasse og disk, og håpar alle kundar held god handhygiene. Førebels vel dei å halda butikken open, men den er kun bemanna med ein person og opningstida er redusert til 10 – 16.

–Me følger med på utviklinga og kjem uansett til å ha opent for heimelevering så lenge det lar seg gjera. Me håper folk vil nytta seg av tilbodet og ser på det som eit supert tiltak, seier Ness Lye og legg til at kundar kan følga med igjennom Instagram og Facebook for inspirasjon til gåver og strikketøy.

Stengd restaurant

Etne Camping har frå i dag stengt restauranten, men kjøkkenet har opent for bestilling av mat.

–Me har hatt tilbod om takeaway-mat og heimkøyring i nokon år allereie, men nå utvidar me tilbodet, fortel dagleg leiar Gerd Stølås.

Dei har pleid å kjøre ut middag til ei lita gruppe då det gjerne er eldre som føretrekker å få maten på døra. Nå vil dei setja opp ei ekstra utkøyringsrute og vil kunne levere til alle som ønskjer eller treng det, både dagens middag eller ala carte.   

–Me vel å stenga restauranten nå for sikkerheitsskuld, men campingen vil vera open som normalt, fortel Stølås.   

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips