Startar leiar-nettverk

- Ein krevjande leiarjobb bør bli sett på som eit maraton, og ikkje som ein hurtig sprint, seier Geir Haraldseid i rådgjevingsfirmaet Human. No planlegg han alumni-grupper for dei som tidlegare har deltatt på LED-kurs i regionen.

Image

Etter innspel frå kursdeltakarar startar Geir Haraldseid frå Human og dagleg leiar i Vindafjord Arbeidsgivarforum (VAF) Merete Vårvik Matre no opp med alumni-grupper for tidlegare deltakerar på LED-kurs. Foto: Maria Djuve Vågen.

I vår startar Human opp med det sjette LED-kurset dei gjennomfører via Vindafjord Arbeidsgiverforum AS (VAF). Det er innspel frå kursdeltakarar her som har lagt grunnlaget for at ein no ynskjer å starte opp med alumni-grupper for tidlegare deltarakarar. Haraldseid er imponert over leiarkompetansen som finst i regionen og meiner mange er lite opptekne av å gå i dress eller pynte seg med fine titlar.

- Mange leiarar her har ein sterk driv for å få til noko, og mange av dei er oppstartsgründarar som ofte er risikovillige for å skape arbeidsplassar lokalt. Dei framstår som ekte og veldig jordnære, meiner han.

Dagleg leiar i VAF, Merete Vårvik Matre fortel at heile 41 lokale leiarar har gjennomført LED-løpet og at fleire av desse har ytra eit ynskje om å treffast seinare som eit nettverk der ein kan få påfyll av kompetanse, og ikkje minst dele erfaringar frå eigen leiarjobb. Til vårens kurs er det påmeldt 10 personar.

- Sjølv om mange av leiarane i dei større bedriftene også har eit leiarteam å lene seg på trur eg dette er ein viktig samlingsplass for mange. Her kan ein snakke fritt utan å vere redd for at nokon deler, meiner Merete. Noko Haraldseid er samd i.

- Det kan vere godt med fagleg oppfrisking og ein sosial nettverksarena. Me vurderer også å starte opp med eit nivå 2 av sjølve LED-kurset for dei som ynskjer meir og tettare fagleg oppfølging, seier han.

 

Nettverk med delingskultur

- LED-kurset går over eit år, der du har seks kursdagar med ulike aktuelle tema, i tillegg får deltakarane åtte individuelle samtalar som er spreidd utover tidsmessig. Her får du i tillegg til leiarutviklingsråd også tilgang til eit nettverk som kan vere nyttig i kvardagen, fortel Geir Haraldseid.

Det planlagde alumni-nettverket vil invitere inn alle som har deltatt på LED-kurs, og meininga er at ein skal få på plass eit par samlingar i året.  Målet er å skape eit nettverk der delingskulturen er sterk, slik at ein kan lære mykje av andre sine leiar-erfaringar. Vårvik Matre har sjølv delteke på LED-kurset og veit at deltakarane blir ein liten samla gjeng som kjem tett innpå kvarandre. Her skal det vere rom for å kome med konkrete utfordringar som ein treng gode råd for å løyse der og då, meiner ho. Både leiarfilosofi, stil og personlege eigenskapar er aktuelle tema.

- Eg meiner det er nyttig å lære seg nokre grunnleggande prinsipp om leiing, og bli kjent med seg sjølv både gjennom personlegdomstestar og diskusjonar. Å vite korleis du reagerer i forhold til andre, og lære om haldningar og  interaksjon er ein viktig del av det å vere leiar. Eg trur også dei individuelle samtalane der ein får gå i djupna på desse problemstillingane er noko av gullet i opplegget, meiner ho.

Haraldseid sjølv har vore konsulent i om lag 20 år og arbeider primært med leiar - og organisasjonsutvikling. Han er oppteken av at  ein kan lære leiarskap.

- Å vere leiar kan vere einsamt og mange har eit sterkt press på å prestere, dei jobbar mykje, og det kan vere ei utfordring å finne god balanse mellom jobb og fritid. Sjølv om arbeidsmengda er reell og ofte det ein må forvente av toppjobbar så skal kabalen gå opp, slår Haraldseid fast.

- Kartleggingar viser at folk ynskjer seg tydelege leiarar sjølv om mange vegrar seg mot å uttale seg i tydelege ord. Ein god leiar skal vere ærleg, ha integritet og vere framtidsretta, då får du dei tilsette med deg på laget.

Krevjande oppgåver

Trass i mange like trekk er også kvardagen som leiar ulik frå person til person, den individuelle tilpassinga er difor viktig i LED-kurset.

- Utfordringane i leiarstolen varierer naturlegvis i forhold til alder, kompetanse og kva bedrift ein styrer. Likevel ser me jo at det er nokre fellestrekk, konflikthandtering og dei vanskelege samtalane er noko av det mange slit med og som dei ofte har lyst til å dele med resten av kursdeltakarane. Mange seier jo at erfaringane dei haustar frå kvarandre er like viktige som dei me kan tilby som kursleiarar, meiner Haraldseid.

- I ei god konflikthandtering må ein vere til stades med heile seg, det er krevjande både emosjonelt og praktisk. Det er eit fagfelt ein ikkje lærer så mykje om på skulen, og ofte ein situasjon ein kan kjenne seg einsam i.

Han meiner også oppgåva med å stake ut ein kurs for bedrifta, og klare å rigge organisasjonen for framtida kan vere utfordrande. I tillegg er jobben  å vere leiar for seg sjølv minst like viktig som å vere leiar for andre. Haraldseid meiner det betyr at ein må setje av tid i kalenderen til å sjå på eiga rolle, og ikkje nødvendigvis gå på kompromiss med eigne behov som leiar.

- Det er litt for enkelt å gløyme ut seg sjølv midt i alt utviklingsarbeidet, som leiar skal du både sjå kva dei tilsette slit med, og du skal skape resultat som styret blir nøgd med. Midt i dette må du og ta vare på deg sjølv.

- Det er viktig å kunne leie seg sjølv, for at ein skal klare å leie andre.

 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips