Småfolk på jakt

Hjå Småfolk Barnehage ønskjer dei å gi barna gode naturopplevingar. Rypejakt er ein av aktivitetane om hausten.



Dei eldste barna i Småfolk Barnehage i Etne er i den såkalla Hompetitten-gruppa som er ei eiga utegruppe. Her har dei fokus på å vere mykje ute i naturen, og dei tre siste vekene har det vore rypejakt på fredagane. 

- Det er noko med det å lære kvar maten kjem frå, kva mat er og kva kjøtt er. I tillegg til å få eit naturleg forhold til det å hauste frå naturen og det å bruka viltresursar, seier barnehageassistent Martin Kvinnesland som brenn for det å gå på jakt og har tatt barna med på fleire rundar. 

- Når me bruker naturen for eksempel på jakt, blir me glad i naturen, og då bryr me oss om å ta vare på både landskap og dyreliv. 

Tilbodet om at barna kan få vere med på jakt har barnehagen hatt i om lag fem år, og har blitt godt motteke av foreldra forklarer dagleg leiar, Anette Lauareid Hovda. 

- Det er mange som ønskjer at barna skal få oppleve akkurat dette, og så langt har me ikkje hatt nokon som reserverer seg mot det. 

- Tilbakemeldingane frå foreldra er ofte at barna kjem heim og ivrig fortel om opplevinga dei har hatt. Me har hatt nokre barn som har vore litt skeptiske før dei byrjar på turen, men desse har ofte enda opp med å vere dei som går i hælane på Martin for å få med seg alt. 

Image
I drivhuset dyrkar dei fram spennande vekster. Foto: Småfolk Barnehage.
Aller kjekkast er det når dei får skote ei rype, og barna får utforske på nært hold. 

- Då kan dei studera dei og kanskje kan me byrja å flå og partere. Då vil dei gjerne sjå hjarta og auger, og den delen syns dei er veldig interessant, seier Kvinnesland. 

Sponsa med varme klede

Når det er lagt opp til at dei eldste i barnehagen skal vere mykje ute i allslags ver, har det vore viktig for Småfolk Barnehage å sikre at barna har lik tilgang til kvalitetsklede som held dei varme. Difor har dei vald å sponse denne gruppa med både dress, vottar, pannebånd og ullsett. 

- Me ønska å gi alle same moglegheit til å ha varme klede. Då treng ein ikkje vere avhengig av korleis økonomien er heime eller av kunnskapsnivå rundt kva som er gode klede, fortel ho. 

- Godt utstyr krevs om ein skal vere ute kvar dag. Det er viktig å vere varm og komfortabel for å ha gode opplevingar ute.

Kompetanse gir nye tilbod

Image
Grisen "Elvis" og hønene er husdyr i barnehagen. Foto: Elin Sørheim. 
Tilbodet om jakt og andre aktivitetar i barnehagen spelar ofte på kompetansen dei tilsette har. Det meinar Lauareid Hovda er viktig når ein utviklar aktivitetstilbod. 

- Det at me har nokon hjå oss som er så interessert i jakt at me kan få til å ta barna med på det er veldig fint, seier Lauareid Hovda som sjølv er jeger og kjenner at tilbodet ligg hjarta nær. 

- Me brukar intersessen og kunnskapen til dei tilsette og det gir oss større moglegheiter når det kjem til aktivitetstilboda, seier ho og viser til at både drivhus, hest, riding og klatring er tilbod som har kome til basert på kompetansen til dei tilsette. I tillegg har barnehagen eigne husdyr i form av høner og gris som dei tek vare på. 

Den privat-eigde barnehagen i Etne har plass til 130 barn frå alderen 0-6 år. Dei er til saman 33 tilsette og to lærlingar. Fem av dei tilsette er menn, noko Lauareid Hovda meiner er viktig for barnehagen og barna. 

 - Det betyr mykje for oss å ha ein variasjon i kjønn på dei tilsette. Menn og kvinner møter verda og barna på ulikt vis, så det at barn får møte begge kjønn i barnehagen er viktig for utviklinga deira. 


Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips