Med fokus på småbedriftene

Tysdag 29. oktober arrangeres den årlege samlinga Små bedrifter – Store verdiar - ei samling om utfordringar og moglegheiter for småbedrifter. 


Tysdag 29. oktober er det duka for ny samling under temaet "Små bedrifter - Store verdiar".  Bilete er frå samlinga i 2017.


- Småbedrifter representerer ein stor og viktig del av næringslivet vårt, men det er ofte dei som får minst merksemd. Sjølv om bedriftene her driv med mykje forskjellig så er det også mykje som er likt. Dette er ein fin måte å møtast på og lære noko av kvarandre og sjå kva som er viktig for å betra næringsvilkåra deira, fortel dagleg leiar Asbjørn Moe i Fikse Næringsutvikling.

Målt i både arbeidsplassar, omsetnad og ringverknadar utgjer småbedriftene ein stor andel av det lokale næringslivet. Mange av desse, også dei lønsame bedriftene, opplever av ulike årsaker at ønska utvikling er krevande å få til, med uønska stagnasjon eller avvikling som resultat.

Arrangørane Fikse Næringsforening og Medvind Næringshage ønskjer med dette arrangementet å setja fokus på småbedriftene i næringslivet og sjå nærare på kva som er dei mest sentrale hindringane for ønska utvikling, og kva ein kan gjera for å betra dette.

Arrangementet er del av den regionale Nyskapingsveka i regi av Haugaland Vekst. 
Nyskapingsveka 2019 set fokus på innovasjon, endring og entreprenørskap, og kan tilby mange og varierte arrangement i regionen vår gjennom heile veka. 
Programmet finn du her:  https://nyskapingsuka.no/program


Program

Små bedrifter - store verdiar


    • Kl. 18:00    Omvisning på Sjøperlo - Ølen kultur- og læringsenter (For dei som ynskjer)
    • Kl. 18:30     "Små bedrifter - store verdiar: tala bak" - Asbjørn Moe, Fikse Næringsforening
    • "Kampen om hendene" - Sigve Lervik, Instruo/Hustvedt & Skeie
    • "Utfordringar i butikkverden - Kva kan me gjera betre sjølv?" - Jørgen Øyjord, Sport1 Etne 
    • Erfaringar frå Småbedriftskulen 2019 - Merete Vårvik Matre, Medvind Næringshage 
    • Pause
    • Små bedrifter - store moglegheiter? - Gruppearbeid
    • Avslutning kl. 20:30

    Tips oss!

    Folk i vinden

    Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

    Send tips
    Har du en god Medvind-sak?

    Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

    Send tips
    Kalender

    Har du forslag til ny kalenderoppføring?

    Send tips