Sjefen skal ta svennebrev

Knudsen Dørfabrikk satsar på kompetanseheving i eigne rekker. Åtte av dei tilsette er no i gang med fagbrev som trevaresnikkar, blant dei er også dagleg leiar Roar Knudsen.


Gjengen på Knudsen Dørfabrikk er klar for kompetanseheving. (F.v) dagleg leiar,Roar Knudsen, teamleiar Egil Heimvik, produksjonsleiar Fredrik Wälsjö, operatør Rebekka Ebbesvik, potet Stig Knudsen og teamleiar Trine R. Byggstøyl. I tillegg skal også operatør Tom P. Bjørnsson og operatør Ådne Tendal ta svennebrev.
(Foto: Kristian Risanger)

 – Dette har me veldig god tru på, me har flinke tilsette som er motiverte for å sikre seg meir formell kompetanse i faget. Som ein liten gest så er fagprøven å lage ei dør som dei får med seg heim til eige hus, seier Roar og smiler. 

Som trevaresnikkar får du fagbrev i produksjon av dører, vindauge, trapper eller treinnreiing. Sjølv om dagleg leiar Roar meiner rekruttering har vore meir ei utfordring enn eit problem, ser han at denne formaliseringa av kompetanse i eigne rekker vil gi bedrifta eit løft. 

Skal rekruttere

– Alle er flinke i jobben sin her, mange har gode fagbrev og utdanningar i andre fag. Så har me lært dei opp etter kvart. Men dette utdanningsløpet vil gi dei meir bakgrunn slik at ein kanskje og kan sjå resultat i produksjonen. 

I tillegg til kompetansehevinga er bedrifta også ute etter fleire tilsette nett no, og i første omgang leitar dei etter CNC-operatør, overflatebehandlar og operatør i monteringsavdelinga. 

Trine Byggstøyl er ei av dei tilsette som er klar for å ta fagprøve. Ho har jobba hjå Knudsen Dørfabrikk i eitt år som teamleiar, der ho har jobba med både prosjektarbeid og produksjon. Bakgrunnen sin har ho blant anna frå fengselsskule. 

– Svennebrevet vil gi meg auka kompetanse og ikkje minst større forståing av produkta me lagar, eg har jo ikkje erfaring med denne type produksjon frå før. Dette vil gi meg fagleg tyngde som og gjer det enklare å setje seg inn i problemstillingar, meiner Trine som syns bedrifta med dette tar eit viktig grep. 

– Det er viktig å auke kompetansen på huset, og dei sender ut signal om at dei tilsette betyr noko, det er veldig bra, seier ho.  

Tilpassa læreløp

Både Roar og driftsingeniør Kenneth Karlsen ser at arbeidsoppgåvene i dørproduksjonen er fleksible, og at mange må ta i eit tak på tvers av eigne fagfelt. Roar let gjerne dei administrative oppgåvene venta og kastar seg inn i produksjonen om det trengs. 

– Me har eit stort mål om å bli lærebedrift framover, og dette stuntet er eit godt steg i den retninga. No blir det lagt opp til eit år med teoretisk undervisning, og så vil ein gjennomføre den praktiske fagprøven i litt ulike løp. Tidspunkta blir tilpassa kva kompetanse og erfaring den tilsette har frå før, fortel Kenneth.

Bedrifta støttar dei tilsette ved at ein kan gjennomføre deler av studiet i arbeidstida, likevel kjem det til å ryke med både kveldar og helger før ein er i mål. Ifølgje læreplanen står både overflatebehandling, maskinkøyring, liming og varmebehandling på timeplanen. 

– Me kjem innom alt det ein treng i produksjonsbedrifta, så dette vil gi oss mykje kompetanse, slår Roar fast.

– Eg har sett at første innleveringsoppgåve alt er kome, det kjem nok til å bli både hektisk og kjekt dette, seier Roar og ler. Sjølv skal han også fungere som rettleiar undervegs. 

Kvalitet i alle ledd

– Eg gjer nok dette aller mest for å vise at me er samla om å heve kompetansen, eg har lyst til å heie på gjengen med tilsette. 

Dei tilsette som er i gang med løpet er delt opp i lærlingar og praksiskandidatar, alt etter kva bakgrunn dei har. Bedrifta har totalt 20 tilsette, åtte av desse er altså no i gang med vidareutdanning. 

– Målet vårt er å lære noko, og at me blir endå flinkare enn me er. Det er ikkje noko mål å akkurat klare seg gjennom fagprøven. Det er og ein måte å heve statusen til yrket vårt. For 50 eller 100 år sidan hadde alle ein snikkar som laga møbler, no er det ikkje så mange som utdannar seg til dette yrket lenger, seier Roar. 

– Det er kjekt å sjå at folk ynskjer å lære nye ting, kvalitet i alle ledd er viktig for oss. Eg trur og det er attraktivt å arbeide ein stad der det er mange fagfolk, slår dagleg leiar fast.




Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips