Samling med dei små i fokus

Tysdag møtte rundt 45 deltakarar opp på den årlege samlinga Små bedrifter – Store verdiar. Der var fokuset utfordringar små og mellomstore bedrifter møter i kvardagen, og ikkje minst kva moglegheiter ein har.

Foto: Kristian Risanger


29 ulike bedrifter, hovudsakleg frå Etne og Vindafjord kommune i tillegg til eit par andre plassar, var representerte. Til å snakka om moglegheiter ein har i næringslivet hadde dei invitert blant anna Sigve Lervik frå Instruo/Hustvedt & Skeie og Jørgen Øyjord frå Sport1 i Etne.

- I botn og grunn er det kundeservicen og opplevinga kundane kjem for i dag. Foto: Kristian Risanger

– Yt det vesle ekstra

Jørgen Øyjord frå Sport1 Etne utfordra lokale bedrifter på det daglege for at kundar skal få ein så god opplevelse som mogleg og gjera dei meir konkurransedyktige i forhold til netthandel.

– I botn og grunn er det kundeservicen og opplevinga kundane kjem for i dag, og det kan ein ikkje matche på nett, understrekar Øyjord. 

Øyjord fortalde at i dag er det lett å finna årsaker eksternt på kvifor folk ikkje kjem til butikkane. Ein av hovudårsakene er ofte at ein skuldar på netthandel, i staden for å sjå om det er noko ein faktisk ikkje er sterk eller flink nok på sjølv, sånn som marknaden er no.

- Eg trur det er lett å undervurdere så lite som faktisk skal til for å få ein fin opplevelse i butikken. Det har med kroppsspråk og korleis ein ter seg med kvar enkelt kunde dag for dag, fortel han.

- I Sport1 har me heile vegen snudd oss rundt, brukt erfaringar og sett på konkurrentar som noko positivt. Me må sjå på kva me kan læra i staden for å bruka det som ein ansvarsfraskrivelse på kvifor kjeden ikkje gjer det godt nok.

Står for halvparten av arbeidsplassane

Dagleg leiar i Fikse Næringsforening, Asbjørn Moe. Foto: Kristian Risanger

Arrangørane Fikse Næringsforening og Medvind Næringshage ønska med dette arrangementet å setja fokus på småbedriftene i næringslivet og sjå nærare på kva som er dei mest sentrale hindringane for ønska utvikling, og kva ein kan gjera for å betra dette.

- Små og mellomstore bedrifter står for over halvparten av arbeidsplassane i Noreg, men dei står i tillegg for betydeleg mindre enn halvparten av merksemda, som er noko av grunnen til at me arrangerer dette, understrekar dagleg leiar i Fikse Næringsforening, Asbjørn Moe.

- Første gong me hadde dette arrangementet snakka me om problema deltakarane kan møte, i år snakka me om moglegheiter. Dette er problema, dette er utfordringane, kva kan ein gjer med det? No samlast me og lærar av kvarandre.

Arrangementet er del av den regionale Nyskapingsveka i regi av Haugaland Vekst. Nyskapingsveka 2019 set fokus på innovasjon, endring og entreprenørskap, og kan tilby mange og varierte arrangement i regionen vår gjennom heile veka.

Treng yrkessjåførar

- Det er mange fordeler med å vere sjåfør. Det er eit veldig fint yrke og ein styrer mykje sin eigen kvardag. Foto: Kristian Risanger

Sigve Lervik frå Instruo/Hustvedt & Skeie fortalde om utfordringane han opplev med rekruttering i transportbransjen.

- Me har sett ein utvikling dei siste ti åra der transportbransjen slit. Før var det slik at folk stod i kø for å bli sjåførar. Det var lange søkjelister for å komma inn. Då kunne me plukka ut som vi ville, men no er det ein anna kultur. Grunnen til det trur eg er at folk heller vil vere heime. Dei vil ikkje vere så mykje borte over lengre tid, fortel Lervik.

Han begynte som sjåfør i 1984 i Haugesund og endte opp som langtransportsjåfør i starten av 90-talet. Han har vore i bransjen lenge og har sett mykje av utviklinga og kva utfordringar sjåførbransjen har i dag.

Sjølv om ting kan sjå negativt ut no, ser Lervik positivt på framtida.

- Det er mange fordeler med å vere sjåfør. Det er eit veldig fint yrke og ein styrer mykje sin eigen kvardag. Ein blir kaptein på sin eiga skute. I tillegg er det ein fantastisk måte å sjå Noreg på. Men kanskje det beste av alt er at det er fleire og fleire jenter som blir sjåførar. Det er kjempebra, understrekar Sigve.

 

Erfaringar frå Småbedriftsskulen

Små bedrifter - store verdiar

  • Tysdag 29. oktober
  • På Ølen kulturhus
  • Omtrent 45 deltakarar og 29 bedrifter deltok
  • Program:
  • Omvisning på Sjøperlo - Ølen kultur- og læringsenter 
  • "Små bedrifter - store verdiar: tala bak" - Asbjørn Moe, Fikse Næringsforening 
  • "Kampen om hendene" - Sigve Lervik, Instruo/Hustvedt & Skeie 
  • "Utfordringar i butikkverden - Kva kan me gjera betre sjølv?" - Jørgen Øyjord, Sport1 Etne 
  • Erfaringar frå Småbedriftskulen 2019 - Merete Vårvik Matre, Medvind Næringshage 
  • Små bedrifter - store moglegheiter? - Gruppearbeid
Dagleg leiar i Medvind Næringshage, Merete Vårvik Matre informerte om Småbedriftsskulen, eit kurs for næringsdrivande og gründerar som er godt i gang. Monica Berge frå Ølen Begravelsesbyrå er ein av småbedriftene lokalt, som har hatt god erfaring med kurset.

Småbedritsskulen er eit kurs arrangert av Vindafjord Arbeidsgivarforum (VAF) og AOF Haugaland. Kurset går over totalt 13 samlingar ved Medvind Næringshage i Ølensvåg og skal dekke temaer som HMS og økonomi.

- Småbedriftskulen har vært eit vellukka program. Det er eit lavterskeltilbod innan basiskunnskap som mange driftsleiarar treng, men ikkje nødvendigvis har tid eller anledning til å tileigne seg kunnskap om. Deltakarane er engasjerte og spør mykje spørsmål, som er veldig bra, seier Vårvik Matre.


Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips