Saman for å skapa noko

Denne helga arrangerer nettverksgruppa «Kjerringvirke» kurs på Fjelberg med god mat, yoga, keramikk, og pilfletting på programmet. Målet er å skape noko saman.

Nettverksgruppa Kjerringvirke. Frå venstre: Siv Helen Thomassen, Hilde Sandbekken, Edna Trovanelli, Drude Isene, Elin Vestbø, og Ingrid Johannessen.


På Fjelberg samlast denne helga 20 kursdeltakarar for å praktisere yoga, lage og ete mat, lære handverk, og vere saman med kvarandre. Kursarrangørane som er småetablerarar i det lokale næringslivet, har lenge tenkt på å arrangere noko saman som nettverksgruppe.

- Me ville gjere noko kjekt i lag. Saman har me ein totalpakke som me trur kan vere kjekk for dei som kjem å oppleve, fortel Edna Trovanelli som driv Edna Keramikk.

- Me ønskjer og å synleggjera kvar og ein av oss i nettverksgruppa, og få til noko som me i fellesskap kan gjera og profilera oss via, seier Ingrid Johannessen som driv Kjerringgarden på Bjoa.

Kurset vart fullt før dei fekk marknadsført seg utover den næraste kretsen med vener og familie, men dei satsar på å kunne arrangere eit liknande arrangement igjen om alt går godt denne gongen.

Uvurderleg hjelp

Småetablerarane i nettverksgruppa Kjerringvirke i Etne og Vindafjord har sidan 2001 kome jamleg saman for å støtte kvarandre i mot- og medgang. Som småetablerarar av ulike verksemder kan kvardagen vere krevjande, og då er det godt å ha eit nettverk å rådføre seg med.

- Å vere ein del av ei nettverksgruppe har vore til uvurderleg hjelp. Eg plar seie at der er det rom for dei problemstillingane småetablerarar møter på som ikkje eignar seg å ta opp i klubben, fortel Ingrid Johannessen som stod i bresjen for å etablere nettverksgruppa.

Nettverksgruppa består i dag av Ingrid Johannessen som driv Kjerringgarden, Drude Isene som driv Søre Skogen Pil, Edna Haraldseid Trovanelli som driv Edna Keramikk, Hilde Sandbekken som driv Frøken Fryd, Elin Vestbø som driv Yogafarmen, og Siv Helen Thomassen som er kunstar. Gruppa er drifta i samarbeid med Innovasjon Norge.

- Utan nettverksgruppa hadde eg ikkje kome så lagt som eg har i dag med å selje keramikk, fortel Edna Trovanelli.

- Dei har hjelpt meg med å setje mål og gjennomføre dei, seier ho vidare og viser til at dei har ti obligatoriske møter gjennom året der dei samlast for å diskutere ståa hjå kvar enkelt og til å ta for seg forskjellige tema innan næringsdrift.

I tillegg til møter, legg dei også ut på studieturar til nærområdet eller utlandet for å sjå korleis andre tilsvarande bedrifter og føretak driv verksemda si. Dei har blant anna vore til Voss, Aurland, Stavanger og Gøteborg og besøkt kafear, glasblåseri, bakeri, og andre nettverksgrupper.

Eit virke

Nettverksgruppa har hatt fleire namn gjennom åra, men etter kvart har gruppa vakse desse av seg. Det var for om lag eit år sidan dei seks medlemmane sette seg ned for å finna eit nytt namn. Då dukka Kjerringvirke opp og dei blei samde om å halde fram under det namnet.

- Det ligg i namnet Kjerringvirke at me er damer, eller kjerringar som me meinar betyr noko positivt, og at me er virksame. Saman er me eit virke og me har eit samhold, fortel Johannessen.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips