Rosar lokal omstillingskultur  

Næringsminister Iselin Nybø (V) meiner næringslivet i regionen er gode på omstilling, noko som er avgjerande for å oppnå vekst. No skal departementet også få nasjonale svar på kva rolle næringslivet speler for å skape gode lokalsamfunn.  

Image
Foto: Mari Halvorsen.


Frå 2018 har venstre-politikaren frå Stavanger hatt plass i Solberg-regjeringa. Den første perioden som forskings - og høgare utdanningsminister, i 2020 tok ho over som næringsminister. Ho er klar over at teknologisk utvikling og endringsvilje må vere til stades for å oppnå gode resultat i næringslivet, både nasjonalt og internasjonalt.

- For å lukkast vidare er det avgjerande å setje berekraft og innovasjon høgt på prioriteringslista. Samstundes gjeld det å skaffe kompetent arbeidskraft, slår venstre- ministeren fast. Ho kjenner godt til regionen og meiner næringslivet i Vindafjord og Etne er robust.

- Dette næringsmiljøet, med evne og vilje til å satse, trur eg nettopp har med omstillingskultur å gjere. Med å vere leiande på sine område kan desse verksemdene, og det lokale næringslivet , møte framtidas utfordringar på ein offensiv måte.

Kartlegg distriktseffekt

 Iselin Nybø meiner summen av rammevilkår er avgjerande for berekraftig vekst og utvikling av bedrifter og arbeidsplassar i heile landet. Dette handlar også om å satse på samferdsle og kompetanse, meiner ho.

- Eit godt fungerande næringsliv er en føresetnad for livskraftige lokalsamfunn og regjeringa ønsker vekst i heile landet. Vi har difor satt ned et distriktsutval som skal sjå nærmare på kva det private næringslivet betyr for levande og berekraftige lokalsamfunn, slår Iselin Nybø fast.

Distriktsutvalet som næringsdepartementet sette ned i haust skal utreie betydninga privat næringsliv har for levande og berekraftige lokalsamfunn, og sjå etter moglegheiter for å utvikle lønnsamt næringsliv i distrikta. Utvalet blir leia av Sein Richard Brandtzæg, som til dømes har erfaring frå Norsk Hydro der han mellom anna var konsernsjef i ti år. Brandtzæg er også styremedlem i Eramet Norge og Sibelco.

- Dette er problemstillingar eg brenn for. Eit velfungerande næringsliv er sjølve fundamentet for velferdssamfunnet og for levande distrikt. Eg gler meg til å gå i gang med denne spanande oppgåva, uttalte Svein Brandtzæg i ei pressemelding frå departementet då arbeidet starta opp i september 2019.Det nye utvalet er eit felles initiativ frå næringsministeren og kommunal- og moderniseringsministeren.

Grøne arbeidsplassar

 Iselin Nybø peikar på havet og havnæringane som viktige satsingsfelt framover som næringsminister.

- Og ms skal fortsetje å satse på små og mellomstore bedrifter over heile landet. Det er gode moglegheiter i å skape fleire arbeidsplassar i det grøne skiftet. Samstundes må me satse på nærings-retta forsking og innovasjon, meiner den ferske næringsministeren.


Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips