Fysikkens skytebas

Lars Tore Rødne (42) kan ete frukost i Frankrike og lunsj i Sveits. Jobben som prosjektleiar og prosjekt-og operasjonsingeniør i CERN har gitt han ein spanande kvardag på grensa mellom dei to landa.

Lars Tore Rødne føre CMS detektoren som er lokalisert i ei hole 100 meter under bakken. Her gjer dei testar der partiklar kolliderer mot kvarandre opp mot lyset sin hastigheit, noko som fører til at hola blir radioaktiv. 

Lars Tore Rødne har to stillingstitlar og to kontor. Han bur i Frankrike, der den eine stillinga og kontoret er, og han kan nesten kaste stein over til hans andre kontor som ligg i Sveits. CERN er verdas største forskingsenter innan partikkelfysikk, kjernefysikk og kjernekjemi. Dei jobbar mellom anna for å trene neste generasjon forskarar og har mange studentar hjå seg. Rødne var sjølv ein av dei som søkte seg til utvekslingsprogrammet for studentar.

– Eg starta studiene i 2011 etter 10 år som offiser i Forsvaret, og søkte om å koma her som teknisk student i 2014, fortel Rødne.

 

Image
CMS detektoren som ligg 100 meter under bakken ved CERN. 

Kolliderer i lysfart

Rødne jobbar med det eine hovudeksperimentet som heiter CMS. Dette eksperimentet er eit av dei største internasjonale vitenskaplege samarbeida gjennom historia, og involverer 5000 partikkelfysikarar, ingeniørar, teknikarar og studentar frå 200 institutt i 50 land.

– Me har ei stor hole som ligg 100 meter under bakken, den er litt mindre en idrettshallen i Ølen i størrelse. Viss ikkje denne hallen har blitt mykje større sidan eg spelte fotball der, fortel Rødne.

Her gjer dei testar der partiklar kolliderer mot kvarandre opp mot lyset sin hastigheit, noko som fører til at hola blir radioaktiv. Når testane pågår kan ingen vere inne i sjølve rommet. For besøkande er det eit rom ved sidan av der ein kan observere testane, og nokre dagar er jobben til Lars Tore å vere guide for besøkande. Han vil anslå at dei har 30-40 000 besøkande innom kvart år.

Arbeidsoppgåvene er elles mange og varierte, sjølv om alle eksperimenta ved CERN for tida er tatt ned i ein så kalla "long shutdown" grunna vedlikehald. Dei starta vedlikehaldsperioden i desember 2018 og dei planlegg å væra ferdig i mai 2021. Arbeidet som ingeniørar handlar til dømes om å skaffe sterkare datamaskinar, skape kaldare temperaturar og større vakum som fysikarane kan bruka i si forsking.

Pink Floyd og kulturmøte

Det er mykje anna enn forskinga som verkar til å halde ølensbuen i CERN, til dømes den varierte arbeidskvardagen og møte med så mange ulike kulturar og mennesker.

– Det vert arrangert ein musikkfestival i Geneve kvart år og då kjem ofte musikarar på omvising. Ein gong møtte eg Roger Waters frå Pink Floyd her som viste seg å vera svært interessert i forskinga, fortel Rødne. 

Det er mykje å læra om ulike grenser og tradisjonar som finnes i andre nasjonalitetar.

CERN

  • Cern vart etablert i 1954 og ligg hovudsakleg i Sveits nær flyplassen i Geneve, men deler av anlegget ligg altså i Frankrike.
  • Dei har 15000 tilsette og vert finansiert med 1,2 mrd sveitsiske franc pr år av 23 medlemsstater der Noreg er ein av desse.

  • Dei held på med 4 houvudeksperiment som kallas ATLAS, CMS, LHCb og ALICE.

  • Dei vil avdekka kva universet er laga av og korleis det fungerer. Det gjer dei med å tilby eit unikt utval av partikkelakseleratorfasiliteter til forskarar, for å fremma grenser for menneskelig kunnskap.

– Det er eit stort miljø med veldig mange nasjonalitetar. Me et gjerne middag saman og vert ofte introdusert for retter frå dei ulike landa kollegaer kjem frå, fortel Rødne.

– Det kan vera viktig å ikkje vera for norsk her. Me kan vera for direkte for nokon frå andre kulturar og ein må læra seg å ikkje tråkke andre på tærne, seier Rødne.

Då Rødne flytta til Frankrike hadde han planar om å nytte seg av dei gode skiforholda, og det vart med nokre turar fyrste året. Sidan har han brukt ein del tid på sykling og tilleggsstudie. 

Gagnar fellesskapet

CERN sitt oppdrag er å prøva å finna ut kva universet er laga av og korleis det fungerer. På veg mot dette målet har dei utvikla fleire produkt som kjem folk flest til gode. Dei fleste kjenner nok til World Wide Web som vart utvikla hjå CERN for å dekke etterspørselen etter automatisert informasjonsdeling mellom forskarar på universitet og institutt rundt om i verda. Sidan CERN ikkje sel det dei utviklar vart www gitt til offentlegheita. Dei har og utvikla laserar som kan brukast i medisinsk samanheng. 

Rødne flytta frå Vindafjord som 19-20 åring, men er ofte på heimlege trakter. 

– Eg pleier å jogga til Dreganes når eg er heime og då er det alltid så godt å kjenna sjølukta, det saknar eg frå Ølen og det er alltid kjekt å komma heim på ferie, fortel han.

Utover det lokka den store verda meir enn det kjente og nære på Haugalandet for Rødne. Han har blitt godt vant til eit varmare klima og livet nært andre Sør-Europeiske land. Han nyttar seg gjerne av mogligheita for å kunne kjøre eit par timar og så å koma til Italia, Sør-Frankrike, Paris eller Spania. Det er eit flott og internasjonalt miljø i CERN og Rødne anbefaler andre Haugalendingar om å vurdera same yrkesretning. Han jobbar også for å gjera CERN kjent i Noreg. 

– Mange i Noreg veit ikkje kva CERN er og kva me driv med, så nå jobbar me med eit prosjekt for å nå ut til fleire norske universitet, fortel Rødne.

 

 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips