Travelt på heimekontor

PÅ HEIMEKONTOR: I desse tider er det mange som nyttar seg av heimekontor. Ordførar i Vindafjord, Ole Johan Vierdal (Sp), sit sjølv i karantene heime på garden i Vats og jobbar derfrå. 

Image
Ordførar i VIndafjord kommune, Ole Johan Vierdal (Sp) på heimekontoret i Vats.


Navn: Ole Johan Vierdal

Bedrift: Vindafjord kommune

Stilling: Ordførar (Sp)

Kvifor jobbar du frå heimekontor?

Det er rett og slett for å unngå spreiing, det er viktig at dei som kan utføre arbeidet sitt heimefrå gjer det. 

Kvar jobbar du frå?

Eg er heime nå. Som ordførar er jo eg på jobb 24/7 uansett egentleg, enten om det er på kontoret, heime eller i bil så er eg på jobb så det er ikkje ein veldig unormal situasjon for meg.

Korleis er det for deg å utføre ditt arbeid frå heimekontoret?

Det går veldig bra. Det er mykje som kan ordnast via mail, på telefon eller via skype, men eg merker at det ikkje er heilt det same.

Beskriv ein typisk dag på heimekontor

Det går mykje i telefonar og mailar. Nå er det mest det å informere og å få oversikt.

Har du hatt nokre utfordringar med heimekontoret?

Nei, det har ikkje vore nokre utfordringar til nå. Eg klarar å ordna det meste heimefrå. Det einaste er at det er ein litt spesiell situasjon. Eg kjem til å sakna det å sette seg ned med folk og prate med dei.

Har du oppdaga nokre fordelar?

Ikkje veldig mange,  bortsett frå at ein sparar jo ein del når det kjem til transport, både når det gjeld kostnadar og forureining.


Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips