Stimulerer til omstilling

Bedrifter i Etne og Vindafjord kan no søkje utviklingsmidlar frå kommunale næringsfond som er øyremerkte korona-tiltak. 

Image
Medvind24 Næringshage kan bistå med idemyldring og søknadshjelp til dei som treng det. Her frå kontora deira i Etne.


Midlane til dei kommunale fonda kjem via krisepakkane som kommunaldepartementet har løyvd til fylkeskommunane. Medan Vindafjord kommune har fått tildelt 1 395 705 kroner, kan Etne kommune tilby 1 023 000 i sitt fond. Alle bedrifter i kommunane kan i utgangspunktet søkje på midlane, men prosjektet som blir søkt skal målast opp mot tre kriterium som departementet har lagt fast. 

- For det første skal prosjektet bidra til å auke sysselsetjing og aktivitet, det skal motverke negative konsekvensar av korona-smitten og ikkje minst skal ein kunne setje aktiviteten raskt i gang, fortel kommunalsjef for samfunnsutvikling i Vindafjord kommune, Anne Sofie Sandvik. 

- Alle som søkjer må kunne svare på desse tre kriteria for å vere aktuelle til å få støtte. 

Samarbeider om vurdering 

Søk her

  • Vindafjord-bedrifter kan søke her
  • Etne kommune jobbar med å få søknadsportalen klar

Etne og Vindafjord kommune har bestemt seg for å ha same søknadsfristar og samarbeide om vurderingane. Første søknadsfrist blir 25. september, den andre er sett til 23. oktober. Vindafjord kommune har allereie fått registrert støtteordninga på regionalforvaltning.no, Etne kommune håpar at dei også er på plass innan kort tid. 

- Eit samarbeid her vil gi oss ei støtte i vurderingane og lettare kunne samanlikne søknadane som kjem inn, seier kommunalsjef for drift og utvikling i Etne kommune, Hans Erik Lundberg. 

Idemyldring 

Bedrifter som kan vere interessert i å søkje kan gjerne ta kontakt med kommunane, eller via førstelinjetenesta hjå næringshagen Medvind24. 

- Bedriftene må gjerne ta tidleg kontakt med oss, me kan vere med på ei idemyldring for å sjå på kva som er aktuelle prosjekt å søkje midlar om, i tillegg til at me kan bidra under sjølve søknadsprosessen, fortel dagleg leiar i Medvind24, Merete Vårvik Matre som viser til at ho allereie har fått fleire spørsmål inn frå bedriftsleiarar som lurer på om deira prosjekt vil passe inn i kriteria. 

- Aktuelle prosjekt her kan vere så mangt. Ikkje tenk at prosjekta er for små, ta heller kontakt så kan me vurdere etter kvart, slår Vårvik Matre fast. 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips