Vel gjennomført Open Dag i Sandeid

Medvind24 Næringshage og Sandeid Eiendom inviterte Vindafjordingar og lokale bedrifter til open dag i Medvind avd. Sandeid fredag 8. mars. 


Medvind si avdeling i Sandeid har ledige kontorplassar, gode møterom, og eit kontormiljø med flinke folk frå lokale bedrifter i ulike bransjar. 

Dette ønska me å få vist fram og inviterte dermed til open dag! 

Open dag  - Medvind Sandeid

Fredag 8. mars ønska me velkommen til open dag, der lokale bedrifter kunne få bli endå betre kjende. 
Det vart servert enkel lunsj, før innlegg frå og om lokalt næringsliv. På programmet stod: 

  • Ordførar Ole Johan Vierdal:  Om kommune og næringsliv 
  • Dagleg leiar i næringshagen, Merete Vårvik Matre: Kva driv Medvind på med, sånn eigentleg?  
  • Sandeidsbuar og bedriftsleierar Tore Solberg og Rune Furseth: Litt om mykje, som blant anna Appex, Suldal Transport, Admmit, Sandeid Eiendom m.m.
  • Kaffidrøs, mingling om omvisning i lokala


Arrangementet samla i underkant av 30 stykk og dermed fullt hus. Både  nabobedrifter og lokale bedrifter, Vindafjord Kommune, lokalbefolkning og ikkje mindre enn to tidlegare eigerar var samla til ei uformell, informativ og god samling. 

Bilder frå samlinga kan du sjå på Medvind24 si Facebook side. 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips