Klare for nye oppdrag i nye lokaler

Ølen Regnskap fusjonerer med regnskapsførar Arne Risøy og flytter samstundes nærare sentrum. 

Arne Risøy og Marit Bråstein Bakkevik. Foto: Maria Djuve Vågen.


Måndag denne veka kunne Ølen Regnskap starte arbeidsdagen i nye lokaler. Andre etasje i det gamle kommunehuset blir nå deira nye arbeidsplass.

- Det er spennande og me har trua på at dette skal bli bra. Me har endeleg kome på plass og me gler oss til å komme skikkeleg i gong, fortel dagleg leiar i Ølen Regnskap, Marit Bråstein Bakkedal. 

Gler seg over nye lokaler. F.V. Marit Bråstein Bakkedal, Trude Flydal Flatebø, Heidi Haugland og Sonja T. Sælevik. Foto: Maria Djuve Vågen.

I juni fusjonener selskapa Ølen Regnskap og  Arne Risøy offisielt, der Ølen Regnskap tek over kundane til Risøy. Risøy og hans kollega vil gå over i selskapet. Dei har allereie begynt å integrere Risøy sine kundar til Ølen Regnskap. 

- Det å komme inn i eit meir sosialt miljø med fleire folk og breiare kompetanse blir heilt stålande. Nå blir me meir robuste då me har fleire strengar å spela på, fortel Risøy.

Det gamle kommunehuset blei bygd i 1935 og har tidlegare blitt brukt av kulturskulen i Vindafjord. I 2019 kjøpte Risøy bygget og har stått for oppussinga. 

- Det er eit historisk bygg med mykje moglegheiter. Me har malt og skifta vegger og verkeleg «shina» det opp et par hakk. Det er eit stilig hus som passar godt inn i sentrumsmiljøet i Ølen, legg Risøy til.

Huset har nå ti kontorer, kjøkken, pauserom og møterom. Det er også moglegheiter for å utvide i etasjen over dersom det skulle vere nødvendig.  

Ølen Regnskap AS blei stifta 25. oktober 2012 og held til i Ølen sentrum. Dei har i dag åtte regnskapsførerar, og dei fører rekneskap for små og mellomstore bedrifter innanfor mange næringar. 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips