Oda og Frida til «Teknologiuka for jenter»

NTNU inviterer 450 jenter frå heile landet til å bli betre kjent med teknologi- og realfagsstudiene. Oda Kambo Hersvik og Frida Hundhammar frå Vindafjord er to av deltakarane.

Klare for «Teknologiuka for jenter» f.v. Frida Hundhammar og Oda Kambo Hersvik. Foto: Privat


Oda Kambo Hersvik i 2STA og Frida Hundhammer i 3STB har kome med som deltakarar på «Teknologiuka for jenter». Arrangementet vil være frå 6. til 8. november på NTNU i Trondheim.

Utvalde jenter frå heile landet blir etter søknad inviterte av universitetet til å bli betre kjende med teknologi- og realfagsstudia. Dei må alle ha fysikk, matte R1 og matte R2 i programfaga sine. Karakterar har noko å seie.

Programmet består av presentasjonar, workshops og møte med studium og studentar. Hensikta er å informere om teknologistudia og kva spanande framtidsmoglegheiter dei gir.

- Eg trur og håpe at arrangementet vil være lærerikt og spennande. Eg håpe at eg finne meir ut om studiene og studentmiljøet ved NTNU, seier Frida.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips