Ny rekordstor tildeling frå SØK 

Deler nå ut ut 2,7 millionar kroner til lokale utviklingstiltak og allmennyttige formål.

Image
Sjøkanten Trivsel får 100 000 kr til utviklingsprosjektet sitt. F.v. Heidi Wannberg, Kjetil Nedreskår og Lars Rune Langhelle.


Skånevik Ølen Kraftlag

Skånevik Ølen Kraftlag as si verksemd er å eiga aksjar i Haugaland Kraft AS. Aksjane skriv seg frå integreringa mellom Haugaland Kraft AS og Skånevik Ølen Kraftlag SA i 2017. Skånevik Ølen Kraftlag AS eig 3,93 % i Haugaland Kraft AS.

Utover utgifter til drift og aksjeutbyte vil SØK vidareføra økonomisk støtte til lokale tiltak i tre kategoriar

  1. Bygde- og næringsutvikling
  2. Allmennyttige føremål (herunder anleggs- og forsamlingshus, barne- og ungdomsarbeid og kulturarv og sogelagsarbeid)
  3. Fiberprosjekt

- Haugaland Kraft hadde eit godt år i 2019 og SØK fekk eit utbytte på heile 9,3 millionar, fortel styreleiaren. Dette gir oss høve til å støtta mange gode formål i SØK-bygdene. Sidan me er inne i eit spesielt og krevjande år for mange, har me i år delt ut 250 000 kr som ein ekstra stimulans, seier han.

Pengar til lokale tiltak 

Midlane som snart er på veg, blir fordelte på 51 ulike organisasjonar og tiltak, og spenner frå 1750,- kroner til 1 million som største bidrag. Det har aldri vore så mange søknadar som i år.

Til føremålet bygde- og næringsutvikling blir det delt ut 1 million kr i alt, og av desse vil Skånevik Bygdeutviklingslag få 270 000 og grendeutvala i Ølen og

Image
Ølen Kulturhus får tilskot på til saman 160 000 kr. F.v. Jarle Ljones og Jorunn Matre Stople. 
Ølensvåg får 135 000 kvar. Av den ekstraordinære støtta i 2020 får Sjøkanten Trivsel i Skånevik 100 000 kr til utviklingsprosjektet sitt. 

Støtta til anlegg og forsamlingshus er på 435 000 i alt, der Skånevik kultur- og idrettshall og Ølen kulturhus får dei største enkelttilskota på 60 000 kvar. I tillegg vil Ølen Kulturhus få eit ekstra tilskot på 100 000 kr, og Skånevik Idrettshall eit ekstra tilskot på 25 000. 

Støtte til Barne- og ungdomsarbeid er viktig for SØK, og av denne potten får til dømes Skånevik Idrettslag 25 000,- kroner og Ølen Idrettslag 65 750. Kulturarv og sogelagsarbeid har fem tildelingar: Største tildeling går til Ølen og Bjoa Sogelag som får 20 000. 

Toppfinansiering gir fiber 

Ein million kr går til to fiberprosjektet i SØK-området: Ny fiber frå Leite – Skoga / Tendal i Skånevik og Ny node på Innbjoa. Støtta frå SØK gjer det aktuelt for Haugaland Kraft Fiber å byggja ut fiber og utvida breibandstilbodet i dei to områda, forklarer Dalen. Prosjekta vil bli gjennomført i 2021.

– Begge prosjekta er heilt avhengige av at me er med og sikrar toppfinansiering på denne måten. 

Rekordstort utbytte til aksjonærane 

Dei gode resultata i Haugaland Kraft gir også grunnlag for utbytte til eigarane av SØK-aksjar, og i 2020 vedtok generalforsamlinga eit utbyte på vel 2,2 millionar. 

– SØK har lova at alle som er aksjonærar i SØK skal få eit utbytte som minimum dekker formueskatt og utbytteskatt på aksjane i SØK, seier Gunnar Dalen. Etter at Skatteetaten i haust auka skattegrunnlaget for SØK-aksjane for 2019-likninga, betyr det litt auka skatt på SØK-aksjane. SØK vil kompensera for dette ved dimensjonering av aksjeutbytet i 2021. 

Me ønskjer også i å invitera alle tilskotsmottakarane til ei tildelingsmarkering: Éi i Skånevik og éi i Ølen. Situasjonen for smittevern vil avgjera kva tid det blir, truleg utpå vinteren ein gong. 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips