Ny dagleg leiar i AdmMit AS

Andreas Reinholdt (38) tok 1. september over jobben som dagleg leiar i sandeidselskapet AdmMit AS.


Andreas Reinholdt overtok jobben som dagleg leiar i AdmMit 1. september. Foto: AdmMit.

AdmMit AS vart stifta i 2014 av gründer og arkitekt av selskapet, Rune Furseth, som også er dagleg leiar for Suldal Transport. AdmMit utviklar program og system som forenklar kvardagen for transport- og entreprenørbedriftar. Målet er å gi god oversikt over alle deler av drifta, utan at ein får for mange system å halde orden på. Selskapet har i dag kunder over heile landet, både store og små bedrifter. AdmMit har kontor i næringshagen til Medvind24 i Sandeid.

Andreas Reinholdt er opphavleg frå Sandvika, men er no busett i Sandeid saman med familien sin. Han kom frå jobben som driftsleiar ved Møller Bil i Haugesund. Reinholdt har lang erfaring frå norsk bil- og dekkbransje, blant anna hjå Møller Bil og dekkimportørar som Pirelli og Michelin.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips