Nominert til prestisjepris

Per Berge kan bli årets vekstskapar. Foto: Medvind24.no

Per Berge frå Berge Sag er nominert til EYs kåring av årets vekstskapar. Han er ein av åtte kandidatar frå Rogaland.


EY (tidlegare Ernst & Young) kårar kvart år Noregs fremste vekstskaparar, som del av eit internasjonalt program i totalt 60 land. Nå i oktober blir det gjennomført seks regionale kåringar, og frå heile landet går til saman 11 kandidatar vidare til den nasjonale finalen i Oslo 2. desember. Den nasjonale vinnaren representerer deretter Noreg på den internasjonale finale i Monaco neste sommar.

Prisen skal vere ein hyllest til dei som bidrar med nye idear, satsar kapital og yter eigeninnsats for å skapa varige verdiar og arbeidsplassar som kjem oss alle til gode.

— Som 12-åring starta Per Olaf Berge karrieren som ryddegut i den nå 130 år gamle familiebedrifta Berge Sag og Trelast AS. Han tok etter kvart utover 80- og 90-talet meir og meir over ansvar for drifta, og han har ved tilpassing til marknaden, god drift, dyktige og lojale tilsette, og rette satsingar stadig vore med på å utvikla bedrifta, som i dag driv med eigedomsutvikling, sal av hus og hytter, samt trevarehandel, står det i nominasjonsteksten til Berge.

Regionsfinalen skal vere i Stavanger onsdag 23. oktober, der desse kandidatane og står på lista:

- Boost AI AS v/ Lars Ropeid Selsås

- Geminor AS v/ Kjetil Vikingstad og Ralf Schöpwinkel

- Jærentreprenør AS v/ Hans Kristian Aasland

- Lucky Bowl Norge AS v/ Rune Skandsen

- Nordic Steel AS v/ Børre Lobekk

- Pizzabakeren v/ Jan Henrik Jelsa og William Gulliksen

- Sandnes Garn AS v/ Harald Mjølne

Tidlegare nominerte i frå Vindafjord er Jacob Hatteland (Hatteland Group), Øystein Matre (Westcon), Ole Marthon Granberg (Granberg AS) og Atle Berge (Ølen Betong).

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips