Industribedriftene med særs bra trend

Tveit Regnskap tek jamleg tempen på næringslivet i Nord-Rogaland og Sunnhordland med sitt næringsbarometer. I første tertial for 2019 kan dei vise til positiv trend i lokalt næringsliv og særs bra trend for industribedriftene.

Seniorrådgjevar i Tveit Regnskap, Kjell Larsen presenterte tala frå næringsbarometeret for første tertial 2019 på lunsjtreff i Medvind24 Næringshage.


- Heile 8 av 10 industribedrifter har auka inntektene frå same periode i fjor, fortel Kjell Larsen, seniorrådgjevar i Tveit Regnskap. Lokalt i Vindafjord kan det og sjå ut som næringslivet følgjer trenden:

- Me kan konkludere med at dei positive trendane som næringsbarometeret viser er i store trekk gjeldane for Vindafjord, også.

Næringsbarometeret bygger på ferske rekneskapstal frå eit representativt utval av AS-bedrifter i Nord-Rogaland og Sunnhordland, der bedriftene i utvalet omset for mellom 2 og 50 millionar. Det er og teke omsyn i forhold til bransjane i rapporten for første tertial som er perioden frå januar til april.

Bra for bygg, anlegg og varehandel

Forutan dei positive resultata i industrien, kan både varehandel og bygge- og anleggsverksemd leggast fram som bransjar med gode resultat.

- Varehandelen har slitt i fleire år, men i fjor fekk dei ein ny vår og det ser me ei vidareføring av i næringsbarometeret i år. Det er ei gjennomsnittsauke i omsetning på 11% samanlikna med i fjor, og 2 av 3 bedrifter auka driftsresultatet, forklarar Larsen som trur dette kan ha samanheng med oppgang i kjøpekraft.

- Folk brukar truleg meir pengar nå enn dei gjorde under oljenedturen som prega marknaden frå hausten 2014. Me ser nå at arbeidsløysa har gått ned og det er forventa renteauke frå sentralbanken i fleire rundar framover. Dette er teikn på at det er god gang i økonomien.

- Samtidig veit me at det er beintøft å drive butikk og me kan ikkje teikna bilde av at dette er eit bonanza. Det trur eg ikkje dei lokale varehandelbedriftene hadde kjent seg igjen i, fortel Larsen og nemnar netthandel som alltid er ein utfordrar til lokal varehandel.

Bygge- og anleggsverksemda ser ut til å ha snudd ein negativ trend i inntektene til å bli positiv. Fleire bedrifter opplev nå auka inntekter og resultatutviklinga ser også ut til å vere betre.

-Bygg og anleggsbransjen har eigentleg klart seg bra i perioden under oljekrisa, og det skuldast nok i stor grad at dei ikkje er direkte knyta til oljebransjen og at det blei sett i gang mange offentlege utbyggingsprosjekt. Men i fjor opplevde dei altså ein negativ trend som nå ser ut til å ha snudd. Nå er gjennomsnittsinntektene opp med 8%, og det er en større andel som aukar inntekta, seier Larsen.

For bransjane sett samla viser næringsbarometeret ein fin tendens i både inntekts- og resultatutvikling i både store og små bedrifter, samanlikna med same periode i 2018.

Sjå Tveit Regnskap sitt næringsbarometer her

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips