Med innovasjon på timeplanen 

I starten av nyåret gjennomførte Lundeneset videregående skole Innovasjonscamp i regi av Ungt Entreprenørskap Rogaland. Elevane skulle kome med ein gründeridé knytt til FN sine berekraftsmål og fem av idéane vart plukka ut av ein jury med representantar frå skulen og det lokale næringslivet.

Rut Meling, Sara Kirkeli, Einar Middelthon Nilsen, Edmund og Simon Riska i Spencewar hadde utvikla ei løysing for å redusjere bruk av emballasje. (Foto: Lundeneset vgs)


– Idéen vår er å lage dispenserar til matvarer i butikkane, slik at kundar kan ta med eigne behaldarar når dei skal handle. Me har alle i gruppa reagert på unødvendig bruk av emballasje, og når dette ofte hamnar i naturen, var dette noko me ynskte å fokusere på, fortel Rut Meling.

Innovasjonscampen varte ei veke og fem klassar frå tre trinn deltok.

Innovasjonscamp 

  • idéverkstad der elevar skal jobbe kreativt med eit reelt oppdrag og komme med eigne løysingsforslag. 
  • kan nyttast i oppstartsfasen av ei ungdomsbedrift.  
  • kan gå over ein eller fleire dagar og vert gjennomført i samarbeid med skulen, ei eller fleire bedrifter og Ungt Entreprenørskap  
  • Innovasjonscamp er forankra i Overordna del av læreplanverket og kan nyttast opp mot fleire fag.  

– Elevane hadde kick-off på måndagen og så fekk gruppene fire timar i løpet av veka til å utvikle ein innovativ idé knytt opp mot eit eller fleire av berekraftsmåla til FN, fortel lærar Kristine Vik Ekornrud. 

I slutten av veka presenterte gruppene løysingane sine for ein jury, og presentasjonane til fem grupper vart sendt inn til Ungt Entreprenørskap Rogaland der ei gruppe vart plukka ut til å representere skulen i finalen.  

App for klesdonasjon 

Ei av gruppene som vart plukka ut av juryen på Lundeneset, var gruppa GIVE. Dei ynskte å fokusere på utrydding av fattigdom og mindre ulikskap.  

– Tanken vår var å effektivisere fordelinga av klede til dei som treng det rundt om i verda. Nokre stader i verda er det overflod av klede, medan andre stader er det mangel på det. Me kom opp med idéen om ein app som samarbeider med Posten og Røde Kors. Gjennom denne løysinga kan Røde Kors tydelegare kommunisere kor og kva det er behov for, og personar som har appen kan då donere det dei har som passar etterspurnaden. Då vert det også tydelegare at kleda kjem til nokon som treng dei, fortel elev Andreas Altamirano. 

Reint vatn

Gruppene Aqua pure og Gruppe 16 hadde begge jobba med løysingar for å skape meir reint drikkevatn i område kor dette er ei utfordring.   

– Me tok utgangspunkt i berekraftsmålet om reint drikkevatn, sidan me tykkjer dette er særs viktig. I land langs ekvator er dette fleire stader ei utfordring, men samstundes mykje sol. Då tenkte me på idéen om å samle sjøvatn i bassen og bygge «superdrivhus» over, kor vatnet vert varma opp og dampen vert samla opp i eit eige kammer kor det vert kjølt ned igjen. Innovasjonscamp var eit veldig kjekt prosjekt og ein måtte tenkje på nye måtar, som var ei god erfaring å få, fortel Thea Steinsland, Andrea Eidsheim og Henning Askeland. 

Gruppe 16 valde å løyse utfordringa med eit drikkevassfilter.  

– I mange av utviklingsland har ein også energimangel. Filter er ikkje ei ny idé i seg sjølv, men me valde ei løysing som kre enkle material og brukte plastflasker. Ureint vatn vert samla i ei flaske, og så set ein på eit filter med fire ulike lag av grus og sand. Dette fører til at både små og store partiklar vert filtrert bort, før ein ved hjelp av ein reflektorskjerm av aluminium forsterkar UV-strålinga frå sola til å reingjere vatnet for mikroorganismar og bakteriar. Dette er ei viktig sak, sidan over to milliardar menneske i verda manglar tilgang til reint drikkevatn. Innovasjonscampen var ei veke med ein litt annan skulekvardag der me vart utfordra til å tenkje utanføre boksen, fortel Samuel Vega. 

Henning Askeland, Thea Steinsland og Kristoffer Vae Haaland i Aqua Pure ser på en løsning for renere vann. (Foto: Lundeneset vgs)

Medbragt rullestolrampe 

Gruppa FreeRamp jobba med  det tredje berekraftsmålet som er helse og livskvalitet, og det tiande nummeret som er mindre ulikskap. Målet deira var å gjere samfunnet enklare tilgjengeleg for rullestolbrukarar.  

– Me tenkte først på korleis ein kan kunne inkludere i arbeidslivet og  lage ein app som kunne bidra til dette, men sidan me fann ut at dette allereie eksisterte, valde me ei løysing knytt til mobilitet. Tanken er å lage ein rullestolrampe som er montert på rullestolen og som er enkel å ta i bruk når ein møter på hindringar som fortauskantar. Det er viktig å legge til rette for at alle grupper i samfunnet kan komme seg fram, og dette kan bidra til å løyse det, fortel Hedda Munthe. 

Om Innovasjonscamp kan bygge opp under nyskaping og fleire gründerar, var elevane samstemte i.  

– Det har vore veldig spanande og kjekt, og har gitt oss ein litt ny tankegang. Me ser at mange dårlege idéar til saman kan bli ein god, avsluttar Karina Stople.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips