- Mange gløymer styrketrening

Frisk Treningssenter i Ølen tilbyr gratis trening denne veka. Tilbodet er ein del av Helsedirektoratet sitt arrangement, Styrkeuka 2020.

Image
- Det er aldri for seint å begynne med styrketrening., fortel Osteopat ved Frisk Treningssenter i Ølen, Stian Haugland. Foto: Kristian Risanger.


Osteopat ved Frisk Treningssenter i Ølen, Stian Haugland, meiner det er viktig for befolkninga å halde seg i fysisk god form, spesielt når ein blir eldre. 

- Mange ser ikkje kor viktig dette er før det er for seint. Det er ikkje nok å tenka at ein løftar og berer ting i kvardagen, det er ikkje det dette handlar om. Det handlar om at ein skal trena litt meir, slik at kvardagen blir mykje lettare, fortel Haugland

Han forklarar vidare at når ein bikkar 40 så byrjar musklane å svinna hen. Den einaste måten ein kan kompensera er med å trena styrke. Spesielt no som befolkninga blir eldre og eldre er det viktigare enn nokon gong, legg han til. Ein lev lenger, mange har fysisk god form til å gjera det dei har lyst til.

Styrkeuke 2020 er eit resultat av dei nye retningslinjene til Helsedirektoratet frå 2014 rundt anbefalingar på fysisk aktivitet for vaksne og eldre. Der seier dei at ein bør trene styrke to til tre ganger i veka i om lag 30 minuttar per økt.

- Veldig mange har fått med seg at ein bør trena kondisjon og vera i moderat fysisk aktivitet i 150 minuttar, men så gløymer ein styrkedelen i det heile. Ein kan ikkje trena kondisjon dersom ein ikkje har bein til å føte seg på.

Styrkeuka 2020

Denne veka rettar Helsedirektoratet merksemda mot styrketrening gjennom engasjementet sitt «Styrkeuka 2020». Dette er ein brei dugnad for å inspirera til regelmessig og enkel trening, uansett alder og utgangspunkt.

Merksemda rundt styrketrening skal handla om helse og funksjon, og visa korleis ein kan utføra styrketrening på ein enkel måte på ulike arenaer og synleggjera tilbod rundt om i landet. Det er eit mål å nå dei som treng det mest, og som kanskje ikkje har så gode erfaringar med trening. Potensialet er stort, og gevinsten er størst om dei når dei som i utgangspunktet ikkje trenar styrke eller ikkje trenar ofte nok for å få helsegevinst, skriv Helsedirektoratet på sine heimesider.

To gonger i veka er nok

Helsedirektoratet forklarer vidare på sine heimesider at litt er betre enn å ikkje trene i det heile, opp til eit visst nivå. I ein folkehelsesamanheng vil eit par økter med styrketrening i veka ha stor effekt. Som ein start kan det vera fornuftig å byrja med ein dag i veka under rettleiing. 

Helsedirektoratet ønsker å kommunisere at:

  • Enkel, vekentleg styrketrening er viktig for å fungera og ha god helse
  • Trening gir effekt uansett kor gamal du er – det er aldri for seint å bli litt sterkare
  • Det speler ingen rolle kvar du gjer det - berre du gjer det.
  • Fire øvingar to gonger i veka er nok.


Slik gjer du

Helsedirektoratet anbefalar at ein gjennomfører to økter i veka, 15–30 min, med minst 48 timar kvile mellom øktene.

Minimum fire øvingar; éin for kvar muskelgruppe: 

  • «Strekkapparat bein», som knebøy, beinpress og eitbeins knebøy
  • «Strekkapparat overkropp», som benkpress og armhevningar
  • «Trekkapparat overkropp», som sitjande roing, nedtrekk og kroppshevingar
  • «Skuldrer og øvre del rygg, press oppover», som skulderpress med vekter og sidehev 

Det kan leggast til ei øving for mage og rygg om øvingane over ikkje utfordrar denne muskulaturen.

Start med ein oppvarmingsserie på 12 gonger/repetisjonar med ein motstand som er omtrent halvparten av det du maksimalt klarar 12 gonger. Etter oppvarmingsserien blir gjennomført, ventar tre rundar med beinøvingane og to–tre rundar for overkroppøvingane (alternativt 1–2 rundar).

Treningsmotstand: 4–12 gonger/repetisjonar med tyngste motstand du klarer det gitte talet på gonger. Varier motstand, første økt i kvar veke 8–12 gonger og andre auka 4–8 gonger. 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips