Livshistorier gjennom kameraet

Karoline Lillemo (23) har alltid drøymd om å bli krigsfotograf. I dag er ho tilsett i media-temaet i Forsvaret.

-For meg er det viktig å kunne arbeide for å bygge dialog og kontakt mellom menneskegrupper, seier Karoline Lillemo som jobbar i medie-teamet til Forsvaret. Foto: Elin Sørheim. 


-Menneskeskjebnar fasinerer meg, seier Karoline. 

Ho møter oss i full uniform, rak i ryggen og fast i handtrykket. Forsvaret på Elverum har blitt både ein heim og ein arbeidsplass for den unge jenta. Ho som alltid har drøymt om å dokumentere livet til dei som treng eit ansikt i mediebiletet, til dei som lir av nød, svolt og krig, ho har no funne sin plass i arbeidslivet. I Forsvaret får ho rammene ho treng til å formidle det ho brenn mest for.

Gjennom jobben i media-temaet til Forsvaret fortel ho historiene til soldatane. Ho viser publikum korleis det norske forsvaret er organisert, og kva rolle dei speler i samfunnet. Lillemo er fødd og oppvaksen i Ølensvåg, med ei mor som både tok bilete og var god på historieforteljing. Slik vart draumen om å leve av fotoet fødd.

-Ho inspirerte meg då eg var liten, eg var alt då nysgjerrig på folk og vil gjerne vite. I vårt samfunn er det jo nesten tabu å snakke om korleis livet eigentleg er, fortel Karoline.

-Eg kunne sikkert fått ein enklare hund, men eg vart så glad i han, seier ho om omplasseringshunden ho bur saman med. 

Ho har møtt drapsmenn i Bergen Fengsel, rusmisbrukarar hjå Kirkens Bymisjon og heimevernssoldatar som har stått midt i terror-angrep. Glansbileta i sosiale medium engasjerer henne ikkje stort, fotoapparatet hennar blir derimot brukt når den verkelege kvardagen skin gjennom linsa. I dag bur ho i ei av Forsvaret sine leilegheiter i Elverum saman med ein nydeleg omplasseringshund med seperasjonsangst.

-Eg kunne sikkert fått ein enklare hund, men eg vart så glad i han. No skal me engasjere oss i trekkhund-miljøet. Me kan ikkje berre sjå på det som problem, det er utfordringar, seier ho og smiler.

Byggjer dialog

Som lita jente tok ho bilete av vassdropar, hundar og blomar. Ho gjekk tett på og leika seg med bakgrunnar, motiv og djupne i bileta. Etter at ho gjekk ut av vidaregåande på Framnes vidaregåande skule reiste ho åleine til Sør-Afrika for å på leiarskule. Ho ønskte å bruke tida si på å arbeide, sjølve skulen var ikkje så interessant. Mange vil meine at Karoline er modig, ho likar utfordringar, og kjenner seg aldri redd ute åleine i verda. I løpet av desse to åra i Sør-Afrika fekk ho og sjansen til å starte opp sitt eige humanitære prosjekt i townships.

-For meg er det viktig å kunne arbeide for å bygge dialog og kontakt mellom menneskegrupper, trass i at dei har ulik bakgrunn og andre meiningar.

I tillegg hadde Karoline denne tida praksis som fotograf og grafisk designar hjå Media House i Jeffreys Bay. Her fotograferte ho, og arbeidde med grafisk design for organisasjonar som Victory Gap Year, Mom & Baby Clinic og Journey Counselling. Turen sette spor hjå Karoline, og ønsket om å reise rundt med fotoapparatet og formidle dei sterke historiene vart berre sterkare.

-Før eg reiste ned sletta eg alle profilar i sosiale medium, eg ville ta inn alle inntrykk, utan å bli forstyrra. Og eg forelska meg totalt i landet, sjølv om det var mykje fattigdom og mange sterke inntrykk.

I dag er det andre som driv humanitær-prosjektet hennar, og ho veit at ein kan skape endring berre ved å prøve. Det er ikkje alltid det er dei store prosjekta, med uante midlar som får resultat.

Karoline Lillemo følgde draumen om å bli krigsfotograf.

-Eg skjønte jo og raskt at eg ikkje berre kan stå bak kameraet, og la lidinga halde fram. Eg må ta del i arbeidet, og hjelpe til. Eg kan ikkje berre dokumentere for å dokumentere, slår ho fast.

Fortel historier

I 2018, rett før ho skulle starte på rekrutten i forsvaret, reiste ho til Palestina. Konflikten mellom Palestina og Israel har alltid engasjert henne. Ho bar med seg spørsmål som: Kvifor krigen får halde fram mellom to naboar, og kva er det eigentleg som rører seg blant dei som bur her, og som har kvardagen sin i konfliktsona? I tillegg ynskte ho å teste seg sjølv, korleis ville ho eigentleg takle denne krigssona?

-Eg ynskte å prøve å forstå kvifor det er slik, og forstå korleis folk tenkte. Det var ein heilt spesiell sommar, fortel Karoline.

I Palestina arbeidde ho som frilansfotograf og møtte mange av dei som kjenner på konflikten dagleg. I tillegg arbeidde ho også på Aida flyktningleir i Volunteer Palestine.

Trass i dette motet når ho møter krigssoner så meiner Karoline sjølv at ho kan vere både introvert og stille. Men god til å lytte, det er ho.

Det handlar om å møte menneske, og høyre deira forteljing. Det er den eg skal bringe vidare, og det må ein ha stor respekt for. Det er spanande med dei krysslinjene mellom kultur, språk og religion.

-I Palestina merka eg og at eg gjerne skulle hatt meir informasjon om sjølve striden, det er ei erfaring å ta med seg.

Inn bak lukka dører

Kampen om mediestillingane i Forsvaret er hard, men Karoline har vore heldig, og fått ei av særs få kommunikasjonsjobbar. Som journalist i Forsvaret møter ho mange soldatar, både dei som er yrkes-militære, men også dei som bidreg gjennom Heimevernet. Nyleg intervjua ho Irfan Mushtaq, som er engasjert i Al-Noor-moskeen i Oslo der dei opplevde eit dramatisk terror-angrep. Mushtaq er sjølv heimevernssoldat.


Sjå meir av arbeidet til Karoline

-Det var spesielt å møte han, og høyre korleis han brukte sin erfaring frå heimevernet på dagen då moskeen vart angripen. Heimevernet gjorde han betre rusta til å kunne handtere det.

-Slike historier er viktig å få fram.

Sjølv om Karoline etter kvart har ein imponerande CV med store saker publisert er det framleis mange intervju ho drøymer om å få. Det heile handlar om å løfte fram historiene til dei svakaste i samfunnet. Då flyktningkrisa ramma i Middelhavet kjende Karoline på at ho var flau over å vere norsk. Medan storsamfunnet sat og såg på, drukna familiar som flykta frå det verste ein kan tenkje seg. Dei skjebnane skulle ho gjerne dokumentert. I bokhylla har ho ein heil meter berre med litteratur om terror-organisasjonen IS. Det er ei lukka dør Karoline gjerne skulle kome på innsida av.

-Det må vere eit drøymeintervju, å få lov til å setje seg ned med ein IS-leiar og berre prøve å forstå, seier ho tankefullt.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips