25 år på havet

Fiskar Håkon Matre (42) har ei klår meining om korleis bransjen kan bli grønare. – I staden for at me betaler 2-3 millionar i avgifter kunne me heller fått krav om å spare dei pengane til å gjere meir berekraftige investeringar i framtida, slår han engasjert fast. 

Håkon Matre er yrkesfiskar og har sterke meiningar om korleis næringa kan bli meir berekraftig. (Foto: Marcus Rødne) 

Håkon Matre har 25 år bak seg som yrkesfiskar, kvart år er han ute på havet omlag 100 dagar.

Første gongen me ringer Håkon har han ikkje tid til å snakke. For første gong på mange år er han nemleg heime tidsnok til å ta vinterferie med familien. Fiskarbåten og sjølivet skal bytast ut med fjell, hytte og ski. Håkon veit at familien treng å bli prioritert når han kan. 

– Ho heime er tolmodig, for eg har jo alltid vore lenge vekke i sesongane. Ho veit vel ikkje om anna. Me vart saman som ungdommar og har halde ilag etter det, seier han og smiler. 

Kona Camilla held fortet heime med tre barn når han er ute på havet. I år der vêr og vind klaffar kan det bli 100 dagar vekke, andre år blir det kanskje 150. I januar og februar er det sild- og vassildfiske som gjeld, dette kan og bli dradd ut i mars dei åra det er loddefiske. I mai er det nordsjøsildefiske. Står silda godt kan det vere unnagjort på nokre dagar, andre gonger krev det meir leiting. I august er det makrellen som gjeld. I år er kvoten 3 500 tonn, noko som er om lag 10 500 000 middagar. 

– Me ser at sesongane endrar seg, gjerne i syklusar på 30-40 år, det er normalt. Og fangsten vår blir påverka av korleis vêret er. Somme år er det austavêr, fint og nesten vindstilt. Andre år kjem stormen og uvêret frå vest. 

– Før kunne me vere redde når uvêret kom, men det er me ikkje lenger. Båten me har no er såpass trygg at me veit at me ikkje går ned. Men det kan sjølvsagt bli ein del ekstra venting, fortel Håkon og viser til at båtane før i tida ofte var på 20-30 meter og difor var meir utrygge enn den han har no på heile 50 meter. 

Håkon Matre er oppvaksen i sjøkanten på Westcon. (Foto: Marcus Rødne) 


Han er oppvaksen på Westcon og er son til Noralf Matre og bror til Endre og Georg Matre som i dag har sentrale stillingar i Westcon. Han hugsar leiken i sjøkanten og eit verft der det jobba om lag 40 stykk.

– Det var ikkje SFO på den tida, me var med på jobb når me hadde fri. Der var det og ein fiskar frå Bømlo som var inne med båten på verkstad kvar sommar, han hadde like gamle ungar som oss, og me leika saman. Me vart godt kjende.

– Eg trur me lærte mykje i den tida, me fekk lov til å prøve oss og gjere småjobbar som andre ikkje hadde tid til. I dag må eg ha eit eige tryggleikskurs dersom mine ungar skal vere med på sjøen, det blir fort for mykje byråkrati. Kor mange bønder hadde hatt med ungane i fjøset dersom dei måtte betale eit eige kurs for det? 

– Du ser jo at det går i båt  for alle oss som vaks opp på den verkstaden , me har ein programfeil, seier han og ler. 

Håkon er oppteken av at dei som vil jobbe også skal få lov til det, og at ikkje alt nødvendigvis kan lærast på skulebenken. Sjølv var det litt tilfeldig at yrkesvegen vart fiskar. 

– Eg skulle eigentleg bli elektrikar, og var klar for lærejobb. Men så tok fiskaren frå Bømlo kontakt og spurte om eg ville vere med ut på sjøen. 

Som 17-åring starta han på det som skulle bli ein lang karriere som fiskar. Etter kvart fekk han navigasjonspapir og kjøpte ut Bømlo-fiskaren som hadde tatt han med på båten. I 2002 vart Bømmelfisk AS starta. I dag har selskapet sju tilsette og omsette i 2020 for nesten 23 millionar kroner. Sjølv er Håkon dagleg leiar, medan broren Georg er styreleiar. Med seg i styret har dei også far Noralf og bror Endre. 


Håkon fiskar frå Nordsjøen i sør og heilt opp til Finnmarkskysten. Det blir fiska sild, makrell, vass-sild og lodde for å nemne noko. Fisken blir levert til store mottak som ofte ligg på øyar og holmar langs kysten. Utviklinga sidan han starta opp har vore stor. No har alle på båten eigen lugar med bad, TV og internett. Ein er ikkje lenger avskoren frå samfunnet og familielivet når ein er ute, det er blitt enklare å halde kontakt. Håkon er oppteken av at ein skal løfte opp yrket som fiskar, difor er han og alltid open for å ta med seg ein lærling. 

– No har me ein lærling frå Sandeid, me har og tidlegare hatt med oss lærling frå Ølen. Det er viktig at dei ser at det finst lokale aktørar som kan tilby lærejobb på sjøen. Elles har han med seg folk frå til dømes Karmøy, Tysvær og Litauen. 

– Det viktigaste me ser etter når me tilset er ikkje papir, men om dei kan arbeide og om det er tiltak og engasjement. Me ser fort om folk er oppvaksne med å knyte tau i fjæra, då veit dei korleis dei skal reparere nøter. 

Han legg ikkje skjul på at det likevel også aukar på med kontorarbeid for dei som leiar båten.

– Me har mange system me må fylgje, og me må dokumentere øvingar, brannøvingar, vedlikehald og vidare. Men ein kan ikkje lage prosedyrar viss ikkje folk veit kva som må gjerast når det verkeleg trengst. 


Yrkesfiskar Håkon Matre ser gjerne at avgiftene i næringa blir lågare. (Foto: Marcus Rødne)  

Håkon har sett mange fiskarar gi seg gjennom åra. Sjølv har han seks kvotar på eigen båt, noko som gjer at innteninga blir stor nok og stabil over tid. Likevel er han litt skeptisk no framover med tanke på prisauke på drivstoff, og trongare rammevilkår.

– Det har blitt heftig med bunkersavgift, altså Co2-avgift som stadig blir høgare. Det vil etter mi meining aldri svare seg med batteripakkar på fiskarbåtane. Mykje av tida me er på sjøen ligg me i hamn for lossing. Så langt i år har me vore sju dagar på fiskefeltet, men me har hatt veker med segling for å levere og ikkje minst ligge i lossekø. 

I fjord bunkra dei for 5,8 millionar kroner, av dette var det 270 000 kroner nox-avgift og omlag 3 millionar i CO2-avgift. Av dette fekk selskapet refundert 1,5 millionar. 

– Så avgiftene er på 1,8 millionar. Det er desse midlane eg meiner me burde kunne bygge eigenkapital til å fornye fiskeflåten med. Det er trass alt betre enn at politikarane og Finansdepartementet skal rote dei vekk på all slags månelandingsprosjekt. Det er viktig å husgse på at vi konkurrerer med utanlandske fiskarar som ikkje har særnorske avgifter på dieselen. Det virkar som at dei som innførte avgifta faktisk har gløymt at me leverer fisken til ein internasjonal marknad og er avhengige av å kunne konkurrere på like vilkår.

– Sjølve tida når me fiskar er så intensiv og krev så mykje energi at det kan me ikkje løyse med å elektrifisere båten, seier Håkon og meiner det er uforsvarleg at ein søknad til Nox-fondet krev dokumentasjonskostnadar på 200 000 kroner. 

– Då seier det seg sjølv at me ikkje har råd til å gjere desse tiltaka. Me søkte om å installere reinseanlegg på båten for ei stund sidan, men støtta vart så liten at me kunne ikkje gjennomføre det. 


Han har og ei oppfordring og eit ynskje til Vindafjord kommune. 

– Me har fleire gonger vore i kontakt med kommunen angåande næringsareal i tilknyting til sjøen. Me  har og foreslått ei utviding av fiskerihamna i Ølen sidan den er for liten for dagens fartøy. Det bør vere mogleg å få til ei løysing der det let seg gjere å parkere båten og lage seg eit lager til fiskereiskap, slår han fast. 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips