Rusta for fleire oppdrag

Halvanna år etter at ho starta eigen arbeidsplass har allsidige Linda Randa bygd forskjellig erfaring. Nå ser Linda Multi Service mot meir arbeid. 


Jenta bak Linda Multi Service har hatt open butikk i om lag halvanna år no og syns sjølv det har gått veldig bra.

- Det har berre gått oppover sidan eg starta. Det var noko rolegare i starten, men det har vore travelt det siste året no, men eg håpar jo at det skal bli endå travlare det neste året da, fortel gründeren bak Linda Multi Service.

Etter at ho ikkje fann praksisplassen ho trengte for å fullføra utdanninga si innan helsefag starta Linda Randa sin eigen arbeidsplass.

Ho tar på seg alle typar oppdrag som melder seg, alt i frå å skifta golv, måla hus, leggje takpanel, hagearbeid, måking av snø og juletresal. Sjølv om ho har eit bredt spekter på arbeidsoppdraga sine syns ho at det ikkje er like travelt på vinterstid som på sommaren.

- Det er jo på sommaren det er travlast. Då er det veldig mykje utearbeid i tillegg. Eg håpar jo at det skal bli like travelt med oppdrag på vinteren også, eg har like lyst til å jobba då som eg har på sommaren, seier Randa med eit smil.


Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips