Liaheia Næringspark veks - snart flyttar to nye bedrifter inn

Målet for initiativtakarane var å etablera eit aktivt næringslivsmiljø på eitt og same område i Skjold. Nå er fire lokale verksemder med meir enn 30 tilsette samla i Liaheia Næringspark. I løpet av hausten vil også to nye Haugalandsbedrifter vera på plass i same bedriftsklynga. 


Dei siste fire åra er det blitt eit aktivt bedriftsmiljø på Liaheia. Det er i dag fire bedrifter i næringsparken, til hausten får denne gjengen også eit rekneskapsbyrå med på laget.  Frå venstre; Bjørn Frode Hustoft og Sigmund Langeland i Kalstveit & Vik, Olav Veggeberg i Aase Landbruk, Kristian Voll i Voll Motor, Jonny Einem i Vindafjord Trafikkopplæring og Alf Inge Dagsland i Øvregard Maskin.  

Då Kalstveit & Vik avslutta trelastavdelinga i Skjold i 2015, starta tidlegare dagleg leiar Bjørn Frode Hustoft og Jonny Einem i Vindafjord Trafikkopplæring å leika med ideen om samla lokale bedrifter i eit og same miljø på Liaheia. Kalstveit & Vik hadde ikkje lengre bruk for det store arealet, og dermed låg alt til rette for at andre bedrifter kunne få utvikla seg under same tak. 

Resultatet blei Liaheia Næringspark, og fire år seinare er næringsparken blitt adresse for fire bedrifter med totalt meir enn 30 tilsette; Kalstveit & Vik, Øvregard Maskin, Voll Motor og Vindafjord Trafikkopplæring utgjer per i dag det som er blitt næringsparken i Skjold. 

Ein av nøklane til suksessen var eigarstrukturen bak parken, seier Hustoft og Einem: 

- Det viktige var å sikra eit langvarig og stabilt miljø, og unngå flyktige leigeforhold. Me oppretta Liaheia Næringspark som eige selskap, der alle fire bedrifter er likeverdige eigarar. Dei fire bedriftene på eigarsida kjenner godt til kvarandre frå før og deler same tankar om kva me ønskjer å få til her på Liaheia. Med eigarstrukturen i botn, og eit felles mål om auka aktivitet og eit godt bedriftsmiljø, har me sikra ei stødig forankring for ein levande næringspark, seier Hustoft. 

Tysvær-bedrifter flyttar inn

- Det var vanskeleg å finna ei tomt med slik tilgjengelegheit og storleik som dette. Alternativet var ei bortgøymd tomt på eit større industriområde,  seier Olav Veggeberg  i Aase Landbruk, som nå er på flyttefot inn i  det tidlegare Kabas-bygget på Liaheia 

Snart bli næringsparken utvida, både med ny bedriftsnabo så vel som nye leigetakarar. 

- Me var utruleg glade då me høyrde at Aase Landbruk hadde kjøpt nabotomta. Det blir eit svært godt supplement til næringsparken, seier Hustoft. 

Aase Landbruk som i dag held til i Førresfjorden, satsar på å vera innflytta i det tidlegare Kabas-bygget i løpet av hausten. 

- Me har vore på jakt etter nye og større areal lenge, og kunne nok ikkje funne ein betre plass enn dette. Alternativet var å etablera seg på ei bortgøymd tomt i eit større industriområde. For oss er det alfa og omega å vera lett tilgjengelege, og ha plass til både stor utstilling og varer på lager for rask levering. Det vil me klara med lokala i næringsparken nå, seier Olav Veggeberg i Aase Landbruk. 

Til hausten opnar Tysvær Regnskap ny avdeling, og den får også adresse Liaheia Næringspark. Dagleg leiar May Elin Brouwer seier det var heilt naturleg å etablera seg nettopp i Skjold og på Liaheia. 

- Kalstveit & Vik er ein stor kunde av Tysvær Regnskap, og det er viktig for oss å vera tett på kundane. Sjølv om våre kundar hovudsakleg held til i Tysvær, Haugesund og Karmøy, ser me på moglegheiter for å ekspandera til indre delar av Haugalandet, og me får ein svært god start med ei ny avdeling på Liaheia. Til å byrja med vil me vera 1-2 personar ved avdelinga i Skjold, så få me sjå utviklinga an, om me eventuelt aukar opp bemanninga, seier Brouwer. 

Tilgjengeleg og romsleg

Kristian Voll i Voll Motor (nr. 2 f.v.) har opna ny verkstad og butikk på Liaheia, og blei samstundes eigar av Liaheia Næringspark AS. Her saman med Bjørn Frode Hustoft, Sigmund Langeland og Jonny Einem.

Sams for fleire av bedriftene som har flytta til Liaheia dei siste åra har vore jakta på eigna areal, med stor nok plass til både verkstad, lager, butikk og kontor, på ei synleg og lett tilgjengeleg næringstomt. For Voll Motor var Liaheia den heilt openberre løysinga på alt dette. 

- Det byrja å bli trongt om plassen i den tidlegare verkstaden min, i tillegg var det ikkje særleg tilgjengeleg for kundar. Eg kikka fleire andre alternativ, men anten var det ikkje god nok plass til drifta slik eg ville utvikla ho, eller så var det plasseringa litt for utilgjengeleg. På Liaheia derimot, fekk eg alle desse fordelane på same stad, fortel dagleg leiar og gründer Kristian Voll. 

Også for Øvregard Maskin var tilgjengelegheita, og ikkje minst sjølveige, avgjerande, fortel dagleg leiar Alf Inge Dagsland. 

- Tidlegare låg me litt i bakevja. For oss er det viktig å vera synlege og vera lett tilgjengelege. Miljøet i ein næringspark som dette har mange viktige synergiar, der me kan spela på kvarandre når det trengst. I tillegg til ein god del samarbeid, har me også visse stordriftsfordelar når det gjeld felleskostnadar, seier Dagsland. 

Hustoft understrekar også den sosiale biten som følgjer med eit næringsfellesskap som dette: 

- Det har vore veldig viktig for oss å etablera eit miljø med godt kollegialt fellesskap på tvers av bedriftene, og sjølvsagt med høg trivselsfaktor. Det betyr mykje, seier Hustoft. 

Kontorplass til leige

Det ikkje er mange liknande moglegheiter for denne typen bedriftsetableringar langs E134 i distriktet, meiner Jonny Einem: 

 - Her ligg me tett til europavegen og er svært synlege. I tillegg har me kunna tilbudd stor nok plass som bedriftene har hatt behov for. Slik sett er nok Liaheia ein av få næringsområde som kan tilby dette langs E134 mellom Haugesund og Etne, seier han.

Frå hausten av opnar også næringsparken dørane for endå fleire. Totalt seks cellekontor skal leigast ut. 

 - Målgruppa er pendlarar, folk som arbeider heimanfrå eller andre som er på jakt etter kontorplass. Me har allereie etablert eit veldig godt miljø med bedriftene som er her, og ser fram til å tilby dette til andre som treng eit kontor med alle fasilitetar på plass. Her treng ein kun ta med PC-en, seier Einem.

Det skal ikkje stå på humøret: Ein må sjølvsagt ikkje gløyma den sosiale biten som følgjer med eit slikt næringslivsfellesskap. Til hausten kan endå fleire få ta del i miljøet -  då vil seks nye kontorplassar stå klare for utleige. 


Opnar dørene

Velkommen innom! Denne gjengen står klar til å ta i mot stort gjestelag på søndag. Då er det open invitasjon til alle som vil stikka innom for å sjå seg om i næringsparken. 

Aktiviteten har berre auka på på Liaheia sidan firkløveret av bedrifter etablerte næringsparken, og det har ikkje gått upåakta hen. 

- Me har inntrykk av at denne satsinga er mykje snakka om, og det med positivt forteikn. Både Skjoldabu og forbipasserande påpeikar kor positivt det er at me har fått ei slik «klynge» i denne delen av kommunen, seier Hustoft. 

Difor har næringsparken også nå open invitasjon til alle som vil «forvita seg» på det som skjer i Liaheia Næringspark. På søndag blir det open dag: 

- Me ønskjer alle velkomne til å ta turen innom for å sjå seg om, slå av ein prat eller bli betre kjende med kva me held på med. Det blir ein innhaldsrik dag med mange aktivitetar for både store og små, omvising, pølse-servering og konkurransar. I tillegg til bedriftene som allereie er etablerte her kjem også Haugesund Sparebank, Eigendomsmeglar A, Lauareid Service, Bavaria og Frøyland Produkter AS, seier Hustoft.


Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips