Kursar seg på Småbedrifsskulen

Kursrekka «Småbedriftsskulen» for næringsdrivande og gründerar er godt i gang. Gjennom kurset får deltakarane opplæring innan HMS og økonomi. 

- Kurset gir basiskompetanse for folk i arbeidslivet, og rustar dei til å følgje utviklinga i samfunnet fortel kurshaldar Hans Arne Magnussen. Foto: Maria Djuve Vågen



- Større bedrifter har ofte eigne folk i stillingar innanfor HMS og økonomi, me i mindre bedrifter må kunne litt av alt. Ein del er oppfrisking av tema eg har lært om før i andre settingar, men det er alltid godt å gå gjennom på ny, seier kursdeltakar Bjørg Haraldsen Bakke som driv Ølen Blomster ved Ølen Senter. Ho legg til at samlingane gir samla sett ei betre forståing for bedriftsøkonomi.

Småbedriftsskulen

  • Kurset er eit samarbeid mellom Vindafjord Arbeidsgivarforum og AOF Haugaland
  • Tema dei er innom er blant anna HMS og Økonomi
  • Kurset går over 13 samlingar ved Medvind Næringshage i Ølensvåg
  • Les meir om kurset her
Småbedriftsskulen er et samarbeid mellom Vindafjord Arbeidsgiverforum (VAF) og AOF Haugaland.

- Kurset gir basiskompetanse for folk i arbeidslivet, og rustar dei til å følgje utviklinga i samfunnet. I kurset om småbedriftsskulen knyt me alt opp mot matematikk og bedriftsøkonomi. I dag har me temaet HMS, og me skal sjå på å knyte opp statistikk og kost-nytte perspektiv mot opplæring, tiltak og investeringar, fortel kursholdar Hans Arne Magnussen frå Sapio som er kurshaldar.

Kurshaldar Hans Arne Magnussen  frå Sapio meinar kurset er ein god måte for folk å bygge kunnskap etter fleire år i arbeidslivet. Foto: Maria Djuve Vågen

Bedrifter frå fleire yrker og sektorar er med i denne runden av småbedriftsskulen. Her finn ein representantar frå entreprenørbransjen, bygg og anlegg, gravferdsbyrå, frisør, blomsterbutikk, feiar, og reparatør av plenklipparar.


- Det er ein god måte for folk å bygge kunnskap etter fleire år i arbeidslivet. Her får dei både teknisk og sosial utvikling.


Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips