Kva vil Vindafjord Høgre gjere for næringslivet i Vindafjord?


Vindafjord har eit særs godt næringsliv. Det er lett å ta dette for gitt. Mange gründerar har streva seg fram med pågangsmot og lange dagar, drivne av eit brennande engasjement for det dei held på med og trur på. Vindafjord som kommune ber mykje av sitt eksistensgrunnlag på eit innovativt, aktivt og velfungerande næringsliv.

Modolf Haraldseid, ordførarkandidat, Vindafjord Høgre. Foto: Vindafjord Høgre.

Det som er godt for næringslivet vil ofte vera godt for Vindafjord kommune. Derfor er Høgre svært opptatt av at kommunen skal gå inn i ein konstruktiv dialog med næringslivet når ulike søknader er mottatt. Berre i unntakstilfeller skal svaret vera nei, og ikkje før ein har gjort eit forsøk på å finne løysing i staden for begrensning. På same måte vil Vindafjord Høgre trekkja med næringslivet før viktige beslutningar skal avgjerast. Her må me finna samspelsrutinar som gjer at me ikkje forsømer oss. Derfor er det fint at næringslivet i Vindafjord saman med Etne har oppretta Fikse næringsforening.

Men kommunen er også viktig for næringslivet. Skal ein halda seg med stabil og konkurransedyktig kompetanse i bedriftane er ein avhengig av at innbyggjerane trivst i kommunen. Det gjeld både for dei som allerede bur her, men ikkje minst for dei som skal vurdera å flytta hit. Då må tjenestetilbodet vera godt, og helst betre enn hos konkurrentane. I tillegg må me ha eit kulturtilbod som gjer at livet er verdt å leva også på kvardagane som det trass alt er flest av. Her har kommunen ei viktig rolle med å tilretteleggja, men like viktig er det at frivillige lag og organisasjonar i samarbeid med næringslivet får etablert rammevilkår slik at kultur kan skapast, drivast og vidareutviklast. 

Vindafjord Høgre ynskjer at kommunen i større grad skal sjå til næringslivet når ulike driftsformer skal vurderast. Monopolsituasjonar skapar ikkje den innovasjon og utvikling som me treng. Landbruket i Sovjetunionen er eit got døme på dette. Det viktigaste er ikkje kven som leverer tjenesten, men korleis det vert levert. Her har posisjonen med Senterpartiet i spissen gjort lite dei siste åtte åra. Når kassen nå er tom vert skytset retta mot regjering og bevilgande myndigheter. Det er lite konstruktivt å skylda på manglande inntenkter i ein slik situasjon. Det kan ikkje næringslivet gjera. Ein lyt sjå på korleis ein driftar organisasjonen.

Vindafjord Høgre ynsker eit tettare samarbeid med næringslivet og få innspel på korleis ein kan drifta kommunen framover. Det synes som at kompetansen i næringslivet i Vindafjord med fordel kan brukast meir for å få samsvar mellom inntekter og utgifter i kommunal drift. Ein godt dreven kommune er avgjerande også for næringslivet.

I NRK-lokalen den 28.8.19 var det direktesending frå Ølen. Redaktøren i Grannar vart intervjua der, og han peikte mellom anna på at det var merkenelg at Høgre ikkje hadde større oppslutnad i Vindafjord kommune med eit så sterkt næringsliv. Det er eg einig i. Her må noko gjerast. Første moglegheit er mandag den 9. september.

Godt val.

Modolf Haraldseid 

Ordførarkandidat Vindafjord Høgre.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips