Kva vil Vindafjord Arbeiderparti gjere for næringslivet i Vindafjord?


Vindafjord Arbeiderparti vil at Vindafjord kommune skal vera ein JA kommune, arbeidsplassar og næring må få utvikla seg der det er iniativ og der det ligg tilrette for det.

Tove Elise Olsen Frøland, ordførarkandidat Vindafjord Arbeiderparti. Foto: Vindafjord Arbeiderparti.

Vindafjord Arbeiderparti ber kommunen sjå til at eksisterande bedrifter som bidreg med skatteinntekter og arbeidsplassar i kommunen, må ha gode rammevilkår. Slik at dei vert verande i kommunen og dermed bidreg til fellesskapet.

Næringslivet skal stimulerast ved etableringshjelp, gode reguleringsplanar, hjelp til infrastruktur, effektiv sakshandsaming og rimelige tomtepriser.

Vindafjord Arbeiderparti vil at det skal først ein aktiv næringspolitikk som legg til rette for nyskapande, kunnskapsbasert og klimavennleg næringsliv.

Det må vera enklare krav til rapportering for næringslivet. Det må leggast tilrette for at fornybare energiressurser nyttast ved utvikling av industri i Vindafjord. Industrien skapar store verdier i Vindafjord. Det ligg mange fortrinnet, for industri og næringsliv i framtida. Industrien må få gode og langsiktige rammebetingelser.

Vindafjord Arbeiderparti vil at kommunen skal ha aktiv markedsføring som kan gi nyetableringar og nyskapande aktivitet. Kommunen må sjå til at det ikkje oppstår konflikt mellom etablert næring og nyetablering. Dommersnes industriområde må oppgraderast og markedførast betre.

Å skapa økonomisk vekst og nye arbeidsplassar i eit trygt og anstendig arbeidsliv, er ein forutsetning for god samfunnsutvikling. Me må sjå til at bedriften har forutsigbare rammer, at dei tilsette har ei løn til leva av i ein trygg ansettelse. Det organiserte arbeidslivet med trepartssamarbeid er ein forutsetning, likeeins heile og faste stillingar i både privat og offentleg sektor. Seriøstitetsreglar t.d « Rogalandsmodellen» må nyttast, her stilles det krav til lærlingar og fagarbeidere.

Vindafjord Arbeiderparti vil arbeida for at kommunen og det lokale næringslivet aukar inntak av lærlingar . Dette er viktig for å sikre rett kompetanse og gode velutdanna fagarbeiderar.

Vindafjord Arbeiderparti har som mål - at arbeid til alle er jobb nr 1. Det betyr at det også må leggast til rette for varig tilrettelagte arbeidsplassar ( VTA) Arbeid er avgjerande for at alle bidreg til fellesskapet, slik styrker ein velferden i kommunen.

Vindafjordskulen må vera rusta med nok ressursar slik at ungdommane våre er klar til å møta vidergåandeskule og fullføra til normaltid. For så å ta høgare eller fagutdanning, dette bidreg til at bedriftane får velutdanna og kvalifisert arbeidskraft. Næringslivet i Vindafjord vil for framtida trenge kvalifiserte yrkesaktive, dette vil bidra til å øke effektiviteten og konkurranseevnen.

Næringslivet i Vindafjord skapar store verdier for kommunen og kommune er avhengig av at verdiskapninga innan dei ulike næringane er god.

Arbeidsplassar i distriktet som Vindafjord handlar om inntekter og velferd, men og mykje meir. Når evt arbeidsplassar forsvinn, forsvinner og verdien på bolig i takt med bortfall av arbeidsplassar. Dette gjer det vanskeleg å flytte til andre arbeids og boligmarkeder. Det syner at me ikkje kan overlate det til markedskreftene - og til dei bosatte i distriktet åleine. Det er avgjerande at politikarane bidreg sterkt til å sikra eksisterande og utvikla nye og bærekraftige arbeidsplassar. Sosialdemokratisk politikk er det beste verktøyet.

Mvh Tove Elise Olsen Frøland, ordførarkandidat Vindafjord Arbeiderparti.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips