Kva vil Miljøpartiet Dei Grøne gjere for næringslivet i Vindafjord? 

Miljøpartiet dei grøne tek vare på framtida saman med næringslivet.


Førstekandidat MDG Vindafjord, Linda Skaar. Foto: MDG Vindafjord.

Til spørsmål om kva me som parti vil gjera for næringslivet vil me legga vekt på ordet samarbeid og samhandling. Dersom me i framtida skal ha ein berekraftig kommune med arbeidsplassar og utvikling treng næringslivet å stole på at politikarane støttar dei i nye prosjekt. Miljøpartiet dei grøne i Vindafjord legg vekt på at me ønsker at kommunen skal stimulera til berekraftig innovasjon og grundervirksomhet i samarbeid med lokalt næringsliv , og kjem til å gå til val for å oppnå dette. Me ønsker saman med dykk å ta vare på framtida. 

Dersom me i framtida skal ha ein berekraftig kommune med arbeidsplassar og utvikling treng næringslivet å stole på at politikarane støttar dei i nye prosjekt.

MDG Vindafjord er optimistiske og tenkjer at bedrifter som i dag er leiande på miljø og berekraft er dei som vil lukkast i konkurransen i framtida og ønsker med bakgrunn i dette å utvikle næringslivet saman med dykk. Utvikling krev kompetanse og nytenking derfor ønsker me saman med dykk å innføre ein årleg kommunal miljøkonferanse med fokus på miljøteknologi, miljøsertifisering og grøne støtteordningar. Her kan ein saman sjå på korleis ein kan utvikle kommunen der ein skapar vekst og engasjement rundt næringslivet og at ein på denne måten og får inn inntekter til ein kommune som i dag har utfordringar innan økonomi.

Utvikling heng saman med tilflytting og ikkje utflytting frå kommunen.

Me ønsker å legga til rette for at det er berekraftige og trygge arbeidsplassar i Vindafjord slik at ein og kan sikre at nye generasjonar kan ta del i arbeidslivet. Me ønsker og saman med dykk at det skal opprettast fleire lærlingplassar slik at ungdommane kan få utvikla seg i framtidige jobbar i eigen kommune, og ha eit tett samarbeid med Ølen vidaregåande skule der ein er nytenkande saman. Utvikling heng saman med tilflytting og ikkje utflytting frå kommunen. Det er difor viktig for oss å gå til val for levande bygder og ein skule og barnehage i kvar bygd. Skular og barnehage er viktige for oss der me vil at alle skal få oppleva meistring, tryggleik, glede og ei god tilpassa opplæring .Det må vera lett å busetja seg i kommunen med tomter som ikkje kostar for mykje og eigedomsskatt som ikkje er for høg. MDG Vindafjord ønsker i utgangspunktet ikkje å bevara eigedomsskatten på sikt men går til val for å halda eigedomsskatten så låg som råd er, samt opprette ei eiga ordning der nyetablerte får redusert eigedomsskatt dei fyrste åra. 

Me bur i ein kommune med ein fantastisk natur der me må vera framtidsretta saman med næringslivet og sjå på korleis me kan bevara dette saman.

MDG Vindafjord er opptekne av fornybar energi men samtidig bevaring av uberørt natur. Me bur i ein kommune med ein fantastisk natur der me må vera framtidsretta saman med næringslivet og sjå på korleis me kan bevara dette saman. Me veit at det framover kjem til å vera forventningar til at me må bidra med meir fornybar energi lokalt for å støtte globalt , og går til val for å utbetre eksisterande vasskraft framfor vindturbinar og industriområde i fjella våre. Til sist vil me nemna landbruksnæringa som i dag og i framtida er i stor endring. Her kjem MDG Vindafjord til å jobbe for ei berekraftig næring der ein støtter nytenking og eit framtidsretta grønt landbruk som tek vare på ressursane i jorda og dyra. På denne måten vil ein kunne ta vare på arbeidsplassar og skapa nye.

« What you do makes a difference, and you have to decide what kind of difference you want to make»

-Jane Goodal-

MDG Vindafjord, Linda Skaar

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips