Kva vil Kristeleg Folkeparti gjere for næringslivet i Vindafjord?

Saman for den gode verdiskapinga.


Kristeleg Folkeparti ønskjer ein kommune som er ein god tilretteleggjar og medspelar for næringslivet i Vindafjord.

Ordførarkanditat Vindafjord KrF, Gustav Løge Fosse..

Det gode samfunn vert skapt i eit samspel mellom det einskilde menneske, private bedrifter, offentlege myndigheiter og frivillig verksemd.


Vi må ta vare på vårt unike næringsliv særprega av stort engasjement for våre lokalmiljø gjennom mange bedrifter med lokalt eigarskap. Det blir viktig å ta vare på Medvind næringshage(r) som er ein viktig hjelper til eit mangfald av nye spennande og varierte arbeidsplassar. Samtidig er det viktig å støtte opp om dei store etablerte bedriftene. Kommunen er og må vera ein viktig tilretteleggjar og medspelar for å kunne utvikle nye arbeidsplassar og grunderverksemder, samtidig som ein må setja miljøkrav som tek i vare våre lokalmiljø.

Kommunen er og må vera ein viktig tilretteleggjar og medspelar for å kunne utvikle nye arbeidsplassar og grunderverksemder, samtidig som ein må setja miljøkrav som tek i vare våre lokalmiljø.

Tilgang til attraktive næringsareal blir viktig slik at nyetableringar og vidareutvikling kan skje i vår kommune. Nerheim næringspark må vi vidareutvikle, samt satse på næringsareal i tilknyting til E134. Vi må også sjå på korleis eksisterande næringsområde kan vidareutviklast. Sentrumsområda må utviklast med tanke på eit godt samspel mellom publikumsretta næringsverksemd og bustadar.

Sentrumsområda må utviklast med tanke på eit godt samspel mellom publikumsretta næringsverksemd og bustadar.

Det er viktig å støtte opp om eit landbruk som har rom for både små og store bruk, og vi må arbeide for å byggje opp om lokal matproduksjon og meir bruk av kortreist mat.

Infrastruktur er og blir ein viktig føresetnad for god næringsutvikling. Difor må vi ha breiband ut til alle delar av kommunen. Skal landbruket få utvikle seg og ha moglegheit til tilleggsverksemder må ein ha godt breiband på plass. Vidare satsingar på reiseliv og anna som nyttar den flotte naturen vår vil vera avhengig at det er på plass. Gode vegar og utbetringar der vi har tungtrafikk må også prioriterast. Ikkje minst gjeld det fylkesvegane til Vikebygd/Dommersnes, Bjoa og Fv 46 innover mot Ryfylke.

Vi vil arbeide for E134 som prioritert transportåre mellom vest og aust med ny og vintersikker veg over Haukeli.

Vi vil arbeide for E134 som prioritert transportåre mellom vest og aust med ny og vintersikker veg over Haukeli. Som ein del av den treng vi ny trase gjennom kommunen vår, noko vi vil vera pådrivar for.

Skal vi vera ein god næringskommune må vi også sørge for å ha gode og attraktive tomter til dei tilsette og alle som vil flytte til vår flotte kommune. Samtidig er det viktig å støtte opp om friviljuge lag og organisasjonar og eit aktivt kulturliv. Gode og trygge lokalmiljø med gang- og sykkelvegar for dei mjuke trafikantane blir også viktig.

I saman må fortsetje satsinga på gode turvegar i våre lokalmiljø og som bind bygder saman. Vindafjord har potensiale for å bli ein turkommune både på sykkel og til fots.

Saman må vi byggje stein for stein og setje tæring etter næring der vi får god kontroll med kommunen sin økonomi. I desse tider må alle brette opp ermane og sjå korleis vi kan bidra til å byggje vidare på alt det gode vi har.

Gustav Løge Fosse

Ordførarkandidat Vindafjord KrF

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips