Kva vil Bjoa Bygdeliste gjere for næringslivet i Vindafjord?

Smart og smidig samhandling mellom kommune og næringsliv.


Ordførarkandidat Bjoa Bygdeliste, Kristian H. Resset.

Både næringsliv og offentlig sektor står overfor tøffe krav til omstilling. Dermed må vi bryte ut av gamle tankemønster tufta på rigide ideologiar. Vi må tenke nytt om korleis samspelet mellom kommune og næringsliv kan skape innovasjon og nye løysingar. Vi må ha ei strategisk tilnærming til innkjøp som gjer at meir pengar brukast lokalt. Dette er det viktigaste Vindafjord kommune kan bidra med overfor næringslivet lokalt og i regionen elles.

Vi må tenke nytt om korleis samspelet mellom kommune og næringsliv kan skape innovasjon og nye løysingar.

Då eg som gründer på tidleg 2000-tal flytta verksemda mi frå Haugesund til Bjoa fekk eg storfint besøk. Både ordførar og rådmann i dåverande Ølen kommune kom med blomar og ønska meg velkomen som næringsdrivande i kommunen. Verken då eller seinare bidrog kommunen aktivt til verksemda mi eller det faglege eg heldt på med. Men eit slikt første møte med kommunen var særs motiverande – ein var blitt sett og ein var sett pris på. Det var omdømmebygging av første klasse og til låg pris.

I dagens Vindafjord føler eg ikkje at vi som styrer kommunen i tilstrekkeleg grad syner at vi set pris på næringslivet. Vi har eit næringsliv som ikkje berre ligg framst i verda på enkelte område, men som i tillegg syner stort samfunnsansvar og engasjement lokalt. Store og små verksemder støttar opp om arrangement, lag og aktivitetar. Ein har vore dyktige på å skape gode møteplassar, drahjelp til oppstart og samskaping innafor til dømes næringshage og næringsforening. Dette fordi ein veit at nøkkelen til innovasjon og utvikling ligg i samhandling med aktørar utanfor eiga verksemd.

Innovasjon og utvklig kan ikkje vekse fram i lukka rom der alle har lik bakgrunn og tenker likt.


Bjoa bygdeliste vil vera pådrivar for å etablere ein ny kultur i kommunen. Innovasjon og utvklig kan ikkje vekse fram i lukka rom der alle har lik bakgrunn og tenker likt. Vi må passe på at vi ikkje ser på kommune og næringsliv som motpartar. For å få til dette må vi tenke nytt om samhandling mellom kommune og privat sektor.

Vi må bort med lange krevjande innkjøpsprosessar av storleik som berre dei aller største har kapasitet til å legge inn anbod på. Vi må fjerne detaljerte krav til leveransar der vi som kunde ser på oss sjølv som ein motpart til leverandøren. Vi må utnytte handlerommet i lovverk og innkjøpsreglar strategisk til beste for den lokale marknaden. Uansett korleis stoda er med økonomien vil Vindafjord kommune alltid vera ein pengesterk aktør.

Kommunen må også innsjå at vi på mange områder ikkje kan konkurrere med næringslivet om smart og kompetent arbeidskraft. Derfor må vi passe på å vera ein forutsigbar og attraktiv arbeidsgjevar på kjerneområda og elles samhandle med ekstern kompetanse. Skal vi utvikle oss må vi ha myndiggjorte tilsette som får høve til å drive reell påverknad og samskaping i dei omstillingene vi må gjennom.

Det er ikkje lenger enten eller. Det er både og. Vi treng ikkje ideologi, vi treng samhandling.

Bjoa bygdeliste vil arbeide aktivt for at kommunen kjem betre i gang med å rigge seg for framtida. Rigge seg for å kunne ta del i ei rivande teknologisk utvikling. Rigge seg for å bli ein aktiv og samhandlande aktør lokalt. Å krangle om tenesteområder skal setjast ut til privat drift eller om det skal vera full offentleg kontroll frå A til Å er gamalt tankegods. Det er ikkje lenger enten eller. Det er både og. Vi treng ikkje ideologi, vi treng samhandling.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips