Restriksjonar råkar arbeidsinnvandring

Nye koronatiltak gir ti dagar karantene for arbeidstakarar som kjem frå raude land. - Det er avgjerande for oss der halvparten av arbeidsstokken er frå utlandet, seier dagleg leiar i Granberg Garveri, Olav Granberg.

Image
Inge Scherreiks og dagleg leiar, Olav Granberg hjå Granberg Garveri håpar korona-tiltaka gir effekt. Foto: Kristian Risanger.


Han ser at tiltaka er nødvendige for å hindre at koronasmitten spreier seg for mykje, og meiner alle tiltak som kan vere med på å forhindre at bedrifter stoppar heilt opp er velkomne. 

- Sjølv om dette betyr at me mistar arbeidskrafta i ti dagar etter at arbeidarane har vore på tur. Me har mange arbeidarar frå Polen, Tyskland og Romania. Medan dei frå dei to siste landa nesten har flytta til Noreg har arbeidarane frå Polen framleis heimen sin i utlandet, men dei fleste av dei har reist mykje mindre i år enn til vanleg. 

- Det har vore eit spesielt år både for dei og oss, seier han.  

Likevel vil det alltid dukke opp situasjonar der arbeidsfolk må ut på reise, nyleg hadde Granberg eit tilfelle der ein av arbeidarane måtte heim i gravferd. 

- Det er naturlegvis noko me må opne for at folk kan delta på, no blir det berre ein lengre periode før dei er tilbake i jobb igjen, slår han fast. 

Avgjerande turistsesong

Koronaperioden har råka Granberg Garveri sterkt, dei har det siste året nedbemanna med fem årsverk, og har mista fleire millionar i tapte salsinntekter, mykje frå budsjettert sal inn mot turistar. 

- Ingen veit kor langsiktig dette blir, mister me turistsesongen neste år også, noko som er tenkeleg, så blir det tøft for oss. Det betyr at me mistar endå meir inntekter, og kanskje må sjå på årsverka våre på nytt. 

- I fjor hadde me 26 sommarvikarar, i år hadde me 12, det er eit godt bilete på situasjonen. 

Det arbeider 40 personar i Granberg, av desse er om lag halvparten utanlandsk arbeidskraft. 

- Mange av desse har vore hjå oss i mange, mange år og er blitt særs dyktige. Og dei har ofte rekruttert seg sjølv, at det er slektningar eller venner av arbeidsfolk her som tek kontakt og ynskjer jobb hjå oss. 

Salet i fabrikkutsalet fekk ein oppsving i koronatida, noko som er positivt. 

Fleire kundegrupper

Garveriet har lange tradisjonar og vart stifta i 1951 av gründer Karl Johan Granberg, i 1995 overtok sonen Olav Granberg jobben som dagleg leiar. Han har modernisert bedrifta og i 2017 fekk dei også næringsprisen frå Vindafjord kommune. Dei produserer til vanleg over 80.000 skinn i året, både frå sau, geit, storfe, kalv, rein og anna vilt. I 2019 hadde bedrifta ein omsetnad på om lag 35 millionar kroner, i år fryktar Olav Granberg at nedgangen blir betrakteleg. Bedrifta har høgsesong heile året, og har aller størst produksjon av skinn på sommaren. 

- Me har heldigvis fleire bein å stå på, både med tanke på ulike typar skinn me produserer og ulike grupper med kundar, både private og bedrifter, fortel han. 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips