Kontantstøtte til næringslivet

No vil bedrifter som har opplevd betydeleg nedgang på grunn av koronaviruset få tilskot til faste utgifter. Jorunn Askeland på Askeland Naprapati og Helse er godt nøgd med støtta som er lagt på bordet.

Image
Jorunn Askeland i Askeland Naprapati og Helse er glad kontanstøtta til næringslivet er på plass, men meiner situasjonen framover likevel er usikker.

- Det er veldig bra, samstundes er framleis situasjonen usikker og eg er spent på kor lenge dette vil vare, seier Askeland som driv sin klinikk i Ølen og var ei av mange bedrifter som måtte stenge dørene 12. mars. Ho håpar denne dugnaden vil hjelpe på slik at smitteomfanget blir redusert. Ho har drive klinikken i Ølen i tre år og er spent på kor lenge det vil gå før samfunnet kjem tilbake til normale tilstandar.

Lågterskel-pakke

Den omtalte kontantstøtta som regjeringa la fram på torsdag sist veke gir bedriftene 20 milliardar i månaden ut mai. Bedriftene som har krav på denne støtta må kunne dokumentere eit fall i omsetnaden på minst 30 prosent, som ein rein konsekvens av den aukande korona-smitten.

Dei bedriftene som er stengt ned av staten treng berre å dokumentere 20 prosent inntektsfall for mars månad for å kunne søkje om å få dekka inntil 90 prosent av faste kostnader. Andre bedrifter får ein dekningsgrad på 80 prosent, i tillegg til ein eigendel på 10 000.

- No kom omsider den lågterskel-krisepakka mange har venta på. Den har låg terskel for kven som kan søkje, rask saksbehandling og effektuering. Ikkje minst bidrar den til å dekke kortsiktige driftskostnadar som ikkje stoppar opp sjølv om inntektene gjer det, meiner Merete Vårvik Matre i Medvind24 Næringshage.

Skaff god oversikt

Minstebeløp som vil bli støtta er 5000 kroner i månaden, og maksimalbeløpet er sett til 30 millionar i månaden. Bedriftene kan få kompensasjon for utgifter som leige av lokale, oppvarming, vatn og avløp, leige av maskinar, rådgjevingstenester som rekneskap eller til dømes forsikringspremiar. Kompensasjonen skal setjast i verk for mars, april og mai. Første utbetaling skal etter planen kome i gang så raskt som mogleg etter påske, søknadsportalen opnar 17. april.

- Det er mange bedrifter i Etne og Vindafjord som vil vere i posisjon til å søkje om denne kontantstøtta. Eg anbefalar uansett alle bedrifter til å bruke dei neste dagane til å sjå nærare på vilkåra rundt kontantstøtteordninga, få oversikt over eige inntektstap og ikkje minst alle sine faste kostnadar, seier Vårvik Matre.


Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips