Kjøper opp hagesenter på Voss

Ebnes Hagesenter Ølen har kjøpt opp Hageland Voss.

Dagleg leiar ved Ebnes Hagesenter Ølen, Bent Ove Ebne, meinar oppkjøpet på Voss blir ein styrke for dei.


- Dette blir ein styrke for oss, i første omgang skal me prøve å bidra med å endre den økonomiske utviklinga på Voss, seier dagleg leiar i Ebnes Hagesenter Ølen, Bent Ove Ebne.

Bent Ove Ebne og hagesenteret i Ølen overtok 80 prosent av aksjane i Hageland Voss i sommar. Dei tidlegare eigarane Atle Antonsen og Bjørg Rykke eig dei resterande 20 prosenta. Hagesenteret på Voss skal i utgangspunktet drive vidare slik dei gjer det i dag.

Moderne hagesenter

- Dette er eit moderne hagesenter som ligg godt plassert i eit stort industri - og handelsområde på Voss, der blant anna Biltema og Europris allereie er etablerte. Det kan samanliknast med eit mini-Raglamyr, fortel Ebne.

- Og gartnarane som jobbar der oppe er veldig flinke, det me kan bistå med er å endre den økonomiske utviklinga. Me skal overføre litt av det me kan her i Ølen om å drive butikk, å skape sunn økonomi her handlar mykje om innkjøp og kostnadar, slår Bent Ove Ebne fast.

- Drivkrafta er nok å få det til, meiner han.

Større omsetnad

Bent Ove Ebne er tredje generasjon gartnar som driv hagesenter i Ølen, no er også dotter hans Silje i gang med gartnarutdanning og arven blir dermed vidareført.

- Det er kjekt å sjå at fjerde generasjon her er interessert i å drive vidare. Eg har jo vurdert utviding av hagesenteret fleire gonger, men no vart eg spurt om eg hadde lyst til å investere i senteret på Voss. Det trur eg blir veldig spanande for oss, meiner Bent Ove Ebne.

- Voss er også ein interessant plass, med godt over 15000 innbyggarar, og ei stadig veksande hyttebygging. Berre neste år er det 400 hytter under planlegging, hagesenteret der oppe sel mykje til hyttefolk, og til Bergen.

Til saman har Ebnes Hagesenter Ølen no 30 tilsette, om lag likt fordelt på dei to hagesentera. Hagesenteret på Voss har om lag 25 prosent større omsetnad enn i Ølen som ligg rundt 15 millionar i omsetnad årleg.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips