Håpar kursaktiviteten held seg i 2022

Kavalkade 2021: Riggutdanning.no vart ein etterspurt kurshaldar då pandemien råka arbeidsmarknaden. No håpar Jan Åsmund Lærdal på eit nytt år med god aktivitet og fleire positive hendingar å lese om i nyhenda.  

Jan Åsmund Lærdal  i Riggutdanning. Foto: Privat

Kva hugsar du best frå 2021?  

– Det var spesielt å sitte på rekke og rad i Ølen og delta på massevaksineringa. Nyhendebiletet har vore prega av covid-19 og straumprisar, og elles har me hatt det godt og hatt ein fin sommar.  


Kva var det viktigaste som skjedde for di bedrift i fjor? 

– Det var at talet på personar som valde Riggutdanning.no som kursleverandør haldt seg stabilt.  


Kva blir den største utfordringa for det nye året? 

- Utfordringa neste år blir å oppretthalde omtrent same talet på kursdeltakarar. 


– Kva er ditt største ønskje for 2022? 

– Det er at pandemien ikkje påverkar samfunnet i like stor grad, at folk får vere friske og at det vert fleire positive hendingar å lese og høyre om i nyhenda. 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips