Julegåver med meining

Rause Vindafjord-bedrifter har i år som tidligare vald å gi julegåve til eit godt føremål. Medisinsk hjelp i kriseramma område, forsking på akuttmedisinsk hjelp og alvorlege sjukdommar er noko av det bedriftene gir til. 

Westcon gir i år ei gåve til Stiftelsen Norsk Luftambulanse. Foto: Stiftelsen Norsk Luftambulanse. 


Ølen Betong har dette året vald å gi støtte til organisasjonen ALS Alltid Litt Sterkere, i staden for gåve til sine tilsette. 

ALS er ein sjukdom som gradvis øydelegger nervar i ryggmarg og hjerne. Gåva frå Ølen Betong er øyremerka jobben med å byggja opp eit ALS-regiser. Dette datagrunnlaget vil vera med å avdekka årsaker og gi betre behandling.

Ølen Betong har dette året vald å gi støtte til organisasjonen ALS Alltid Litt Sterkere, i staden for gåve til sine tilsette. caption. Foto:  ALS Alltid Litt Sterkere. 

–ALS er ein forferdeleg sjukdom som rammar hardt, og som me ikkje høyrer så mykje om. Derfor ønskjer me å setja fokus og hjelpa til slik at det blir forska på behandling og årsaker, fortel HR-leiar hjå Ølen Betong, Turid Berge-Olsen.  

I Ølen Betong er det også nokon som kjenner ekstra godt til denne sjukdommen. Vivian Brosvik er firebarnsmor og kona til ein av sjåførane i Ølen Betong. Ho er ei av dei som er ramma av ALS, og deler si sterke historie på bloggen, mammapaahjul.no

Dette er andre året Ølen Betong vel å gje gåve til eit godt formål. 

–I fjor braut me tradisjonen med å gi ei gåve til dei tilsette til jul og valde i staden å gi eit bidrag til nokon som treng det meir. Valet fall då på Sykehusklovnene, og tilbakemeldingane  var ute lukkande positive, seier Berge-Olsen.


Raskare og meir rett behandling

Westcon gir i år ei gåve til Stiftelsen Norsk Luftambulanse. 

- I år vil me støtta Stiftelsen Norsk Luftambulanse, dei er her for deg og meg, våre nære og kjære i heile landet, og alle dei me enno ikkje kjenner, fortel Jorunn Matre Stople.

Stiftelsen Norsk Luftambulanse er ein ideell organisasjon som er finansiert av privat innsamla midlar frå enkeltpersonar og støttebedrifter. Midlar dei får inn går til forsking og utvikling for at alle skal få raskare og meir rett avansert akuttmedisinsk behandling utanfor sjukehus.

Tidlegare har Westcon gitt i julegåve å støtte  Redningsselskapet, noko som har bidrege til auka sikkerheit på sjøen. 

–Dei siste åra har me støtta redningskøytene langs Norskekysten med nautiske mil, og kvart år har me har fått tilbakemelding frå Redningsselskapet om kor menneske dei har redda, båtar som har fått hjelp eller assistanse, og kor mange barn og unge som har lært om sikkerheit på sjøen. Dette er høge tal, og det gjer godt å vita at me har bidratt til at liv på sjøen blir redda, seier Stople. 


Hjelp til dei som har det vansklegast 

Omega gir 400.000 kr til Leger uten Grenser som gåve til sine tilsette. 

–Omega har som tradisjon å støtte ein nøytral organisasjon som engasjerer seg i kriser, arbeider med humanitært, sosialt arbeid, eller på anna måte direkte bidreg med å redda liv og lagar grunnlag for eit best mogleg liv for dei i vår verd som har det vansklegast, fortel økonomidirektør i Omega, Kjell Tore Helgeland.

Omega gir 400.000 kr til Leger uten Grenser som gåve til sine tilsette. Foto: Leger Uten Grenser. 

For Leger Uten Grenser det eit viktig grunnprinsipp å vere uavhengig, nøytral og upartisk. Dei mottar derfor hovudsakleg støtte frå private givarar og tek ikkje imot statlige midlar. På den måten kan dei raskt rykkja ut ved kriser og kan jobba der det trengs utan restriksjonar frå myndigheiter. Dei har prosjekt i 72 land, driv nærmare 500 prosjekt og behandle millionar av pasientar kvart år.

– Leger Uten Grenser sine feltarbeidarar held juleopent på klinikkar og sjukehus i over 70 land. Julegåva frå Omega er eit svært viktig bidrag som gjer det mogleg for oss å gi helsehjelp til dei som treng det mest, seier næringslivsansvarlig hos Leger Uten Grenser, Lars Knudsen.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips