Blei æresmedlem etter 50 år med rekneskap 

Rekneskapsgründer Jarle Tveit blei æresmedlem i Regnskap Norge for aktivt medlemskap og stor innsats i bransjen. 


Jarle Tveit fekk utdelt prisen under festmiddagen på Regnskap Norge sitt årsmøte. Foto: Regnskap Norge

Jarle Tveit har vore medlem i Regnskap Norge i 50 år, sidan 9. mai 1969,  same året som har også etablerte Tveit Rekneskap. 

Tveit har også våre styremedlem i foreininga frå 2004 til 2008, og medlem i apellutvalet i tre år. 

- I tillegg har han også vore ein viktig bidragsytar i den lokale ERFA-gruppa som blei etablert i 1979, skriv Regnskap Norge på sine nettsider.

- Planen var eigentleg at Jarle skulle bli gardbrukar og overta faren sin gard i Skjold, men etter fullført utdanning innan rekneskap og økonomi, starta han som rekneskapsførar, til stor glede for blant anna foreininga og kundane hans, heiter det vidare i grunngjevinga. 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips