Inn på eigarsida i Medvind

Etne kommune kjøper seg inn med 50 aksjar i Medvind24 Næringshage. Kommunen la i si innstilling vekt på at næringshagen kunne bli ein viktig medspelar i utviklinga av næringslivet.

Image
Ordførar i Etne kommune Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp) og dagleg leiar i Medvind Næringshage Merete Vårvik Matre under open dag på Medvind sine kontorer i Etne, august 2019. Foto: Maria Djuve Vågen. 


- Det er eit positivt bidrag til næringslivet at kommunen er aktiv på å skapa gode kunnskaps- og moglegheitsrom. I den samanheng vil Medvind24 næringshage AS kunne vere ein god medspelar, og det vil då vere eit positivt signal at kommunen går inn på eigarsida i næringshagen, kom det fram i innstillinga til Etne kommune.  

Medvind24 Næringshage si oppgåve er å bistå oppstartsbedrifter og eksisterande næringsliv i Vindafjord og Etne kommunar. I fleire år har næringshagen i samarbeid med Fikse Næringsutvikling jobba med næringslivet i Etne. I april 2019 etablerte næringshagen kontorfellesskap i Etne der til saman sju bedrifter nå held kontor. I forbindelse med ei aksjeutviding av selskapet vart kommunen invitert til å gå inn på eigarsida. 

- Det er ein fordel å vere ein del av og jobba tett med dei større aktørane i næringslivet lokalt. Etne og Vindafjord har ein felles arbeidsmarknad og drar fordelar av å ha eit robust og variert næringsliv der ein kan dra nytte av kvarandre sin kompetanse og erfaring, seier gruppeleiar for Senterpartiet i Etne, Kari Aakra. Aakra var tidlegare tilsett i Medvind24 Næringshage fram til juli 2019, og legg vekt på at ho veit kva næringshagen har betydd for utviklinga av næringslivet i Vindafjord. 

- Dette gir eit positivt signal til næringslivet og viser at Etne kommune ønskjer å vere ein kommune som spelar på lag. Det vil bli betre for dei som ønskjer å starte for seg sjølv å ha ein felles stad å henvende seg til med tanke på rådgjeving og kunnskap. No då på tvers av kommune og fylkesgrenser i ein felles arbeidsmarknad. Det er ofte utfordrande å starte for seg sjølv. Mykje kan vere nytt, og då vil Medvind vere ein god støttespelar. For ein liten kommune som Etne kan det vere vanskeleg å drive aktiv rådgjeving aleine, seier Kristin Golf i Etne Venstre.

- Nå blir det viktigare enn nokon gong at kommunen og næringslivet jobbar tett saman for å møte dei utfordringane som har kome og kjem framover på grunn av koronasituasjonen. Bedriftsnettverk og rådgjevarar blir viktige aktørar som kan bistå dei som har fått store utfordringar nå, legg Aakra til. 

Nåverande eigarar i næringshagen er Omega AS, Westcon Yards AS, Ølen betong AS, Berge sag AS, Vindafjord kommune, Hatteland Gruppen, Fatland, Helgevold elektro AS, Tveit Regnskap AS og Knapphus gruppen.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips