Imponert over respons på kommuneplan

Vindafjord kommune har sett punktum for innspelsrunden til revidering av kommuneplanen i haust. Kommunalsjef for samfunnsutvikling, Anne Sofie Sandvik, er nøgd med prosessen og ser fram til å gå eit skritt vidare saman med grendeutval og næringsliv.  

Kommunalsjef for samfunnsutvikling, Anne Sofie Sandvik er nøgd med responsen frå innbyggjarane i Vindafjord. (Foto: Ellen Marie Hagevik)

– Me er no midt i behandlinga av alle innspela og har allereie vore gjennom mykje materiale. Det har blitt jobba med den interne medverknaden i kommunen ut mot alle einingane, og me har i særleg grad gått gjennom alt som er kome inn via folkemøta og spørjeundersøkinga me har hatt. Det er også mange som har sendt inn innspel ein og ein. 

Grendeutvala i Vindafjord får no tilbake ei samanfatting av det som kom inn via folkemøta.  Dei skal sette seg ned og prioritere forslaga i kvar bygd innanføre satsingsområda til kommunen. Kommuneadministrasjonen har mellom anna laga ei overordna ordsky for kvar bygd, basert på innspela. Her kjem det tydeleg fram kva innbyggjarane meiner er fordelane, men også kva som er utfordringane i dei einskilde grendene. 

Digitale kartløysingar

– Me har også nytta ei digital innspelsløysing i kart som ligg ute på kommunen sine nettsider. Her kan alle gå inn og lese innspela som er komne inn. Innspela som kom inn via folkemøta ligg ikkje her, men det er laga nokre fysiske kart som skal ut til grendeutvala, som også skal leggast ut på nett. For bustad og næring, kjem det også eigne kart der me markerer alle bustadinnspela og næringsinnspela. 

Styrker og svakheiter stemmer med inntrykket

Då administrasjonen laga ordskyene basert på kva styrker og svakheiter som vart meldt inn, såg dei at biletet i stor grad spegla situasjonen ein allereie ser frå kommunalt hald.  

– I Sandeid og Vikedal er det utfordringar med å få til gode bustadområde. I bygdene der dei heilt klårt er gode på næringsliv, er det også dette som kjem fram som styrker i ordskyene. Imsland, Bjoa og Vikebygd er opptekne av manglande tilflytting som den store utfordringa. Desse tendensane viser seg også igjen i arealinnspela som er komne inn. Elles melder alle bygdene om at det er viktig å ha tenester nær der du bur. 

God oppslutnad på spørjeundersøking

Det kom inn omtrent hundre innspel til arealdelen, men det var spørjeundersøkinga på kommunen sine nettsider som fekk særleg stor respons. 

– Me fekk inn nesten 2000 svar på spørjeundersøkinga, og det syns me er heilt fantastisk, då det er verkeleg statistikk me kan bruke. No står det att å sjå alt i samanheng og vurdere innspela vidare opp mot kommunen sine satsingsområde. Både ordskyene, samanfatninga av folkemøta og hovudfunna i spørjeundersøkinga vert lagt ut på nettsidene våre. 

Saknar større respons frå næringslivet

Ein eigen gjestebodsmodell vart prøvd ut i innspelsrunden, der lag, organisasjonar, næringsliv og privatpersonar kunne invitere folk til gjestebod for å drøfte kommuneplanen og lage eigne innspel. Her vart ikkje oppslutnaden like stor som ein håpa, og særleg næringslivet si stemme var sakna. 

– Me oppfordra folk til å invitere til eigne gjestebod, men har berre motteke innspel frå tre stykk. Det var to frå Vikebygd og eit frå Medvind. Me saknar at næringslivet hadde kome meir på bana i tillegg til gjestebodet til Medvind. Me håpar me kan få betre respons frå næringslivet når me no går ut med innspela og ber om tilbakemeldingar. 

Kommunen hadde møte med Vindafjord tomteselskap før jul der dei gjekk gjennom alle bustadinnspela, og skal ha møte med Fikse næringsutvikling og Medvind over nyttår, der dei skal gå gjennom næringsinnspela.

På heimesidene til Vindafjord kommune finn ein lenke til all informasjon som omhandlar revideringa av kommuneplanen, med oversikt over innspela som er komne inn og dei digitale kartløysingane.  

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips