Her er dei lokale Gaselle-bedriftene 


Vindafjord og Etne viser godt igjen i lista over kåra Gaselle-bedrifter i 2021.

Dagleg leiar i AdmMit, Jon Nielsen, kan vere godt nøgd med Gaselle-status. (Foto: Privat)


I Vindafjord har heile ni bedrifter fått Gaselle-status etter resultata i fjor. Både AdmMit, Granberg og Him Transport er på lista over dei bedriftene i kommunen med sterkast vekst det siste året, med seg på lista har dei også Ilsvåg Holding, Kalstveit Bygg, Omega 365 Solutions , Stople Maskin AS, Vats Anlegg AS og Vest Stål & Fasade AS. I Etne kommune er både Brødrene Mæland Bygg og Funtek komne med på den populære lista.

Det er Dagens Næringsliv som kvart år kårar dei mest suksessfulle bedriftene i kvar kommune. Kriteria for å få statusen er å minst doble omsetnaden over fire år, levere godkjente rekneskap, omsetnad på over ein million kroner første året, positive rekneskapstal og at ein er eit aksjeselskap. Connector Subsea Solutions AS, som driv med djupvannsreperasjon av olje og gassrørledningar vart kåra til årets vinnar i regionen for Rogaland og Vestland.


Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips