Vel møtt til Ei heiso reis 2019 

Er de klar til å måla krefter, testa kløkt, fart og samarbeidsevne i kamp med nabobedrifta? 28. september legg me ut på ei ny Heiso Reis. 


Velfortent jubel i Omega-laget etter  gjennomført styrkeprøve  i fjorårets Heiso Reis. 

Me gjentek suksessen og inviterer til lokalreality fritt etter modell frå 71 Grader Nord og Amazing Race.

– Reisa har vore eventyrleg for laga som har vore med dei siste åra, og nå gler me oss til å invitera med på ny, strabasiøs oppleving med særs høg underhaldningsfaktor for alle deltakarar, seier arrangørar John Karsten Hustveit frå Åkrafjorden Oppleving og Morten Helland i Medvind24 Næringshage. 

Ei Heiso Reis

  • Lokal opplevingsreality i Vindafjord og Etne, 28. september
  • Arrangørar er Åkrafjorden Oppleving og Medvind24 Næringshage, i samarbeid med fleire aktørar innan lokalt reiseliv og næringsliv 
  • Arrangement for bedrifter, lag og organisasjonar 
  • Ope for totalt 40 deltakarar (åtte femmannslag)  
  • Påmelding opnar: 1. juni via Åkrafjorden Oppleving si nettside
  • Meir informasjon: kontakt John Karsten Hustveit på tlf.: 916 89 377 eller Morten Helland: 4586 5508 

Gjennom ei heil dagsreis, både til lands og til vanns, skal deltakarane ta seg fram gjennom ei ukjent løype i Etne og Vindafjord. I løpet av løypa skal dei utfordrast på ei rekkje postar undervegs. 

Som tidlegare må deltakarane forventa å måtta ta seg noko ut, både fysisk, men også når det kjem til kreative evner, lagarbeid og tålmod.

Gjengs for alle oppgåver og heile løypa: stor underhaldningsfaktor og garantert uforgløymelege augneblink. I fjor deltok åtte lag frå bedrifter i Etne og Vindafjord på reisa gjennom kommunane. 

– Poenget er å tilby ein dag spekka med gode opplevingar for heile gjengen som deltar. Dethar me lukkast med kvart år,  og ser fram til å by på dette nok ein gong, seier Hustveit. 

1.juni opnar påmeldinga for totalt 40 deltakarar – fordelt på åtte femmannslag som må representera ei lokal bedrift eller organisasjon. Som ein del av gevinsten er vinnarlaget frå fjorårets reis automatisk registrert som deltakarlag også dette året. Laga skal gjennomføra løypa på tid, men poenga ved kvar post undervegs vil også vega tungt når vinnaren skal kårast. 


Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips