Grov fram lærlingplass

På jobben: Magne Samland Tendal (20) har alltid hatt ei interesse for maskinar. Nå er han lærling i Bjarne Nordtveit AS som anleggsmaskinførar og er ferdig med fagbrev i september.

Image
-Ein blir aldri heilt utlært i dette yrket, så då gjeld det å plukke opp så mykje som mogleg langs vegen. Foto: Elin Sørheim


Kor kjem du frå?

Eg kjem frå Skånevik.

Korleis fekk du denne lærlingplassen?

Firmaet eg jobba i før gjekk konkurs. Då tok eg initiativ og ringte Bjarne Nordtveit og spurte om jobb. Det gjekk fint og eg fekk plass som lærling, noko som eg er veldig takknemlig for i dag. 

Kvifor valde du denne yrkesvegen?

Bestefaren min har alltid hatt maskinar og eg er oppvaksen med mykje maskinar rundt meg, så det kjendest naturleg for min del. Nå er eg anleggsmaskinførar, men eg håpar ein dag å kunne jobbe med fjell og bergverk som skytebas. 

Kva arbeidserfaring hadde du frå før? 

Eg jobba nokre helger og var sommarvikar på eit fiskeoppdrett kalla Mowi. Elles har eg erfaring med å sitje på når andre har arbeidd. 

Kor i utdanningsløpet ditt er du nå?

Nå held eg på med fagbrev innan anleggsmaskinførar og er ferdig i september reknar eg med. 

Beskriv ein typisk arbeidsdag:

Dagane her er veldig varierte. Nett nå jobba eg med sykkel og gangstien mellom Skjold og Vikebygd, der eg stod mykje i kabelgrøft. Kollegaene er kjekke og eg trivst godt. 

Kva har du lært om jobben som du ikkje visste frå før?

Det er alt i frå vedlikehald av maskinar til å lære seg å grave. Eg kunne litt frå før, men har merka at det var mykje eg ikkje kunne og. Dei eg jobbar med seier at ein aldri blir heilt utlært i dette yrket, så då gjeld det å plukke opp så mykje som mogleg langs vegen. 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips