Gode resultat på kundeundersøking

Medvind24 Næringshage scora høgt på alle punkt og ligg over gjennomsnittet for næringshagane i Noreg på ei nyleg kundeundersøking.

Image
Dagleg leiar i Medvind Næringshage, Merete Vårvik Matre.


- Medvind Næringshage er først og fremst til for det lokale næringslivet og dei lokale bedriftene. Me jobbar hardt for å vere ein god støttespelar, tilretteleggjar og koblingsaktør, både mot små og store bedrifter, gründerar og etablerte, seier dagleg leiar i Medvind Næringshage, Merete Vårvik Matre. 

Kundeundersøkinga vart utført av Mimir Analytics på vegner av Siva. Siva, selskapet for industrivekst, bidreg med utviklingsmidlar til næringshagane i Noreg. Undersøkinga tok føre seg korleis bedriftene i Medvind-miljøet opplev tenestene frå næringshagen, i tillegg til gevinstane av å vere lokalisert saman med andre bedrifter i kontorfellesskap. På alle seksjonar i undersøkinga fekk Medvind24 Næringshage ein score som ligg over gjennomsnittet for næringshagane i Noreg. Tala viser også ein forbetringstrend frå år til år på samtlege tenester frå næringshagen som for eksempel nettverksbygging og bedriftsutvikling.

- Ei av våre viktigaste oppgåver er som operatør av Næringshageprogrammet. Der får me tildelt offentlege distriktsverkemidlar som skal bidra til vekst og utvikling hos våre målbedrifter, som me jobbar målretta og nært med for å utvikle over tid. Då er det veldig kjekt og viktig at nettopp desse scorar oss høgt på kundetilfredshet. Sjølvsagt er det også ein god anerkjennelse i det å ligge over landsgjennomsnittet. Så nå er det berre til å jobbe på vidare, både i medvind og motvind. Me er her, seier Vårvik Matre.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips