Flyttar inn i Gamle Diversen

Tveit Regnskap i Ølen er snart klare med nyoppussa og sentrale lokalar. 

Image
F.h. Rune Rødne,  Alf Egil Vaula,  Reidar Berge,  Siv Bente Stople Østbø,  Geir Kenneth Rødne,  Jarle Haugen og  Jarle Pedersen. Foto: Kristian Risanger.


- Moglegheita for ein plass opna seg på Gamle Diversen. Bygget er sentralt plassert og godt synleg frå vegen. Det er i tillegg gode parkeringsmoglegheiter og me sit lett tilgjengeleg for kundane våre. Det ligg også i eit godt knutepunkt mellom bygdene, Sandeid, Etne og Ølen, fortel dagleg leiar i Tveit Regnskap, Jarle Haugen. 

Tveit Regnskap har lenge halde til på Landbrukets Hus i Ølen sidan 2006, men i haust flyttar dei inn i nye lokalar, nemleg Gamle Diversen. Lokala på Landbrukets hus har bedrifta delt saman med blant anna Norsk Landbruksrådgivning Rogaland, Tine og Haugaland Avløysarlag, og det har i det siste vore avgrensingar på plass. 

- Det eine er at det har vore trongt om plassen her, og dermed vanskeleg med utviding. Den andre grunnen er at Landbrukets hus har vore oppfatta som eit hus for bøndene. Og det har nok sett litt avgrensingar for oss i å få i gong ei skikkeleg god satsing i Ølen, fortel Haugen før han fortset: 

- Me har hatt god nytte av å vere i fagmiljøet på Landbrukets Hus, men arealtilgangen sette ein stoppar for vidare satsing der. I tillegg var det andre som var klare for å overta kontorplassane me hadde i Landbrukets Hus, både Haugaland Avløysarlag og Norsk Landbruksrådgivning trengde meir plass, sånn sett følte me at det kunne være greitt for oss å gi ordning for at andre skulle få plass og at me kunne satse vidare. 

Image
Gamle Diversen i Ølen. Foto: Kristian Risanger
I Gamle Diversen er det 17 kontorplassar, fem av dei skal bli brukt av rekneskapsfirmaet. I alle fall foreløpig.

- Me leiger fem kontor i utgangspunktet, og så håpar me at me ganske snart kan vere eit par til på plass. Me er heldige som får tilsett nye folk ofte så me ser absolutt at det kan være ein god moglegheit for fleire, fortel Haugen.

Skjoldsbedrifta har i dag over 220 tilsette. 

Synleggjer seg

Hovudkontoret ligg på Liaheia i Skjold. Der har Tveit Regnskap pryda utsikten for alle forbipasserande med sitt signalbygg i mange år. Nå vil dei markere seg tydlegare i Ølen også. 

- Me skal vera godt synlege, slik at den med ein «gründer» i magen eller ein forretningside skal lett kunne nå tak i oss. Det er også spennande det som skjer på andre sida av vegen med tanke på eit nytt senter i framtida. 

Eigedomsselskapet Ølen sentrumsutvikling skal bygge eit flunkande nytt handelssenter i Eiodalen mellom bensinstasjonen og Sandeidskrysset. Dersom alt går etter planen, kan byggjearbeidet ta til utpå våren neste år. I grunnetasjen blir det anten butikk og kontor, medan daglegvarebutikken skal inn i hovudetasjen. Etasjen på gateplan blir på om lag 700 kvadratmeter, medan hovudetasjen blir på heile 3.000 kvadratmeter. 

- Me trur det er ein plass der det vil stoppa ein del folk og at det skal vere lett å stikke innom oss. God kundekontakt er viktig for oss sidan dei føler seg høyrt og sett, og slik at dei kan få så god hjelp som mogleg. Avdelinga i Ølen er ein viktig ressurs for Tveit Regnskap sidan nærleik alltid har vore viktig for oss, og noko me fokuserer på å oppnå. Me flyttar jo ikkje langt, så for dei som allereie er kundar kjem det ikkje til å bety mykje i kvardagen. 

Tveit Regnskap vart stifta av Jarle og Marit Tveit i 1969. Tveit er i dag den største uavhengige rekneskapsaktøren på Vestlandet og vil med oppkjøpet av Gjesdal Regnskap utvida nærværet sitt i Sør-Rogaland. Tveit Regnskap og Rådgiving og har i dag 20 kontor fordelt i Rogaland, Vestland og Oslo og har over 4000 unike kundar. Tidlegare i år kjøpte Tveit Regnskap opp Gjesdal Regnskap på Ålgård og fekk dermed 9 nye tilsette med på laget.

Rådgjevarrolle

Tveit Regnskap er som dei aller fleste andre heller ikkje upåverka av koronasituasjonen som rår i næringslivet og samfunnet elles, men gjorde raskt tiltak for å kunne rådgje kundane så godt som mogleg. 

- Når dette slo inn lurte me veldig på korleis ting skal gå. Kva skal skje med næringslivet no som butikkar stenger, me stenger frisørsalongar, me legg ned heile Noreg. Me vart bekymra for vår eigen situasjon grunna det våre kundar måtte gjennom. Me kom fram til ganske kjapt at me kan ikkje gjere anna enn å hjelpe så godt me kan. Me brukte ein del energi på å setja oss inn i ordningane, permisjonsreglar, og det å hjelpa kundane til sine rettar etter kvart som dei tok kontakt. Me gjekk inn i ei rådgivarrolle, ringde rundt til kundane og passa på at dei tilpassa seg så godt dei kunne i forhold til det økonomiske. 

Tveit ønskjer å bidra til levande bygder, gjennom kortreiste tenester og arbeidsplassar lokalt. Dette skal gjelde for alle typar næringar enten det er jordbruk, industri, tenestenæring, gründerbedrift eller enkeltpersonføretak på veg ut av startblokka. 

- Me gler oss til å kunne tilby eit endå betre tilbod til næringslivet i bygdene våre, seier Haugen. 

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips