Færre arbeidslause

Ferske NAV-tal viser at talet på heilt ledige arbeidstakarar i Vindafjord i juli var 1,8 prosent, noko som er 55 færre personar enn i fjor på same tida. Tala viser også at talet på ledige stillingar i Nord-Rogaland har auka med 10 prosent.


Ved utgangen av juli var bruttoarbeidsløysa, der ein reknar heilt ledige saman med dei som er delvis ledige, i Rogaland 2,7 prosent av arbeidsstyrken. I Nord-Rogaland har Haugesund høgast bruttoarbeidsløyse med 2,7 prosent, deretter kjem Vindafjord med 2,2 prosent i tillegg til Karmøy og Tysvær som begge har 2,1 prosent. Den lågaste arbeidsløysa finn ein i Suldal, Sauda, Utsira og Bokn.

Stabile tal

– Justerer me for sesongvariasjonar held arbeidsløysa seg stabil i juli, seier Egil Tengs, fungerande direktør i NAV Rogaland, og forklarar:

– Arbeidsløysa aukar vanlegvis om sommaren. Dette kjem av at mange normalt avsluttar studium, prosjekt eller kontraktperiodar på denne tida kvart år, noko som ofte fører til at fleire registrerer seg som arbeidssøkjarar, seier han i ei pressemelding.

I Rogaland er delen heilt utan arbeid 2,4 prosent av arbeidsstyrken. Dette er på nivå med gjennomsnittet for Noreg og samanlikna med same periode i fjor er det en nedgang på 18 prosent.

6 135 arbeidssøkjarar var heilt utan arbeid i juli, og 823 arbeidssøkjarar var deltakarar i arbeidsretta tiltak. Summen av heilt arbeidslause og personar på arbeidsretta tiltak gir ei bruttoarbeidsløyse på 6 958 personar, tilsvarande 2,7 prosent av arbeidsstyrken.

Nye stillingar

Medan fylket totalt har hatt nedgang i talet utlyste stillingar på 14 prosent, så har det vore ei auke i talet på utlyste stillingar i Nord-Rogaland med 10 prosent. Det er flest utlyste stillingar innan «Helse, pleie og omsorg», «Barne- og ungdomsarbeid», «Bygg og anlegg» og «Ingeniør- og IKT fag» her nord. Fleire bedrifter melder om behov for personar med fagbrev og erfaring innan industri, bygg og anlegg.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips