Eit skikkeleg løft

Onsdag blei taket på den nye padelbanen i aktivitetsparken i Ølen løfta på plass. Nå nærmar banen seg klar til bruk.



–Nå gjenstår berre vegger og dekket på banen, samt ein lyspakke. Dette skal vera på plass mot slutten av november og då er aktivitetsparken heilt ferdig, fortel initiativtaker Magne Christiansen. 

Padel er ein type sport som opprinneleg kjem frå Mexico og er populær i mellom anna Sør-Amerika og Spania. Det er ein kombinasjon av tennis og squash, der banen er mindre enn ein tennisbane og racketane litt annleis. Her kan spelarane bruka veggen aktivt som i squash.

–Dette er eit intensivt spel som gir god treningseffekt, men er tenkt som eit lågterskeltilbod då det ikkje er like vanskeleg som tennis, seier Christiansen.

Kultur- og læringssenteret Sjøperlo og aktivitetsparken vart offisielt opna 28. september. Ferdigstillinga av paddlebanen har latt vente på seg, men leverandøren ser for seg at alt står klart mot slutten av november.

Ei rekkje bedrifter har gjort det mogleg å realisera aktivitetsparken i Ølen. Meir enn to millionar kroner frå både større og mindre aktørar i det lokale næringslivet har gjort parken mogleg: JHL, Berge Sag, Arriva, Kjøttfestivalen, Haugesund Sparebank, Haugaland Kjøleservice og VAF står bak store delar av potten. Sparebankstiftelsen SR-Bank, som har støtta fleire lokale prosjekt i Vindafjord dei siste åra, og har gått inn med 500 000 kroner.

Parken tilbyr fasilitetar, banar og bygg for blant anna skating, crossfit, volleyball, paddle, og ei rekkje andre aktivitetar. Parken er med andre ord ein svært allsidig arena og eit lågterskeltilbod for alle aldersgrupper. Bygd midt i sentrum og i forlenginga av det nye kulturhuset og med Ølen Vidaregåande skule som nær nabo er parken lett tilgjengeleg for ei stor gruppe brukarar på både dag- og kveldstid.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips