Geiter, ski og eggeløp

Helgevold Elektro stakk av med sigeren i årets heiso reis, tett fulgt av av Berge Sag på andre plass, og SMV på tredje. Sjå kor reisa gjekk i år!


Kvelden før fekk dei tolv laga tilsendt ei rebusoppgåve der dei skulle finne ut kvar dei skulle stille til start dagen etter. Det meistra alle laga og møtte opp ved Ottar Skjold, før dei blei sendt vidare innover i Aurdal til Aurdal Gard drive av Jan Haslemo. Her hadde Haslemo stelt i stand fleire utfordringar og deltkarane skulle blant anna smaka på ein «cocktail» beståande av potet, eple, rognebær, aure og geitost for så å gjetta seg fram til ingrediensane. Her hadde Tveit Maskin best resultat med å tippe to av fem rette. 

Sjå bilder nedst i saka!

Ved Aurdal Gard spreidde deltakarane seg og tok fatt i oppgåver som å måle areal, tippe høgde på tre, fylle kassar med nøyaktig 16 liter vatn og telle geiter. Tveit Rekneskap kom nærast på antal geiter og tippa 405 av 471 geiter. Før laga fekk gå vidare over fjellet til Stuhaug Gardsmuseum måtte dei visa grunnleggande heimkunnskapskunnskap og piska krem av fløyte.

Ei Heiso Reis

  • Lokal opplevingsreality i Vindafjord og Etne, 28. september
  • Sjå kor reisa gjekk i 2017
  • Sjå kor reisa gjekk i 2018
  • Arrangør er Åkrafjorden Oppleving og medarrangør er Medvind24 Næringshage
  • Arrangement for bedrifter, lag og organisasjonar 
  • Årets samarbeidspartnarar: Frisk Treningssenter, Jan Haslemo ved Aurdal Gard, Harald Olav Stuhaug ved Stuhaug Gardsmuseum, Lars Olav Larsen ved Vindafjord IL og Norsk Maskinformidling

Ved Stuhaug Gardsmusem hadde Harald Olav Stuhaug lagt fram sju gamle gjenstandar som deltakarane skulle krysse av på bruksområdet til. Her gjekk nykommaren Funtek ut med beste resultat, seks av sju rette!

Presisjon og puls

Deltakarane skulle så kome seg ned til Sandeid Samfunnshus på eiga hand. Der venta Norsk Maskinformidling med neste utfordring; nemleg presisjonsarbeid med gravemaskin der små hjul skulle leggast i tønner. Det var og straffekonkurranse med ein liten vri på fotballbanen. Deltakarane skulle spinne rundt ei kjegle fem gonger før dei skulle kjempe seg fram og sparke ballen i mål.

Taxiar bussa dei så vidare opp til Fjellstøl der det blei skistafett med heile laget på dei same «skia». Speaker Lars Olav Larsen losa dei gjennom løpet. Etterpå blei det eggeløp med jaktstart frå Fjellstøl opp mot Røde Kors-hytta. Den eine handa var knyta i fatle bak på ryggen og skei med egg var i andre handa.

Vel framme ved Røde Kors-hytta venta kanskje den vanskelegaste fysiske øvinga; ingen av laga fekk gå vidare før den utvalde på laget hadde fått kvilepuls under 70. Kun tre av laga, Omega, SMV, og Tveit Regnskap, fekk pulsen ned til grensa!

Frisk symjetur

Sidan reisa går både «til lands og til vanns», måtte deltakarane sjølvsagt få tilbodet om å symje. Det fekk dei ved Toskavatnet, og om ein av deltakarane valde å symje over fekk dei fråtrekk på tida, noko som kunne vere avgjerande for fleire av laga. Fleirtalet av laga heiv seg uti og la på svøm.

Etter ein frisk symjetur blei laga sendt nedover mot Opheim, og fekk beskjed om å sjå etter ting langs løypa. Det var nemleg hengt opp både skisko, ski, stavar og appelsinar langs vegen. Vel nede ved parkeringsplassen og med målgangen i sikte, måtte dei svare på spørsmål om kva dei hadde sett langs løypa før dei kunne ta steget over målstreken. Lite visste dei at det var antalet ski med merket «fischer», antal høgresko og liknande dei ville ha til svar på posten. Fleire av laga måtte med noko nedstemt mine ta ekstrarundar før dei kunne springe over målstreken.

Frå Opheim blei laga bussa til klubbhuset ved Sparebank 1 SR-Bank stadion for dusjing, og rundt kl 18.00 var det duka for velfortent middag i Frisk sin Cageball- og aktivitetshall.

Kampen om mikrofonen

MEN, reisa var ikkje over enno. Ein siste post var att og nå skulle deltakarane kjempe om å gripe mikrofonen. Her var det både treffande og utreffande tonar, kamp om mikrofonen og stor jubel frå publikum. 

Etter alt var opptalt av poeng var det altså Helgevold Elektro som fekk ein velfortent siger, Berge Sag kom på ein sterk andreplass og SMV sikra seg tredjeplassen.

Og med vel blåst reisa for deltakarane, ser arrangørane fram mot planlegging av Ei Heiso Reis 2020!


Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips