Den frie jazz-musikaren

Det meste handlar om musikk for Håvard Ersland (27). Pianisten og komponisten frå Imsland vil gjerne gi publikum usminka konsertopplevingar.  


Håvard Ersland vil gjerne formidle gode musikk-opplevingar. (Foto: Sigbjørn Berven) 


Håvard Ersland Trio gjer suksess med jazzmusikk.
(Foto: Jan Tore Eriksen)
 

Når han sit bak pianoet på scena og speler jazz er notearka langt borte. Då handlar det om å formidle musikkglede, og nøye innøvde låtar som meir enn gjerne blir krydra med improvisasjon undervegs. I dag er Håvard Ersland både pianist og komponist, der mykje av musikken er i et jazz-landskap. Likevel er han også fast medlem av det lokale rockebandet FYK som dei fleste kjenner godt i regionen. Imslandsbandet FYK består i tillegg til Håvard på piano av Jarle Nordtveit Åsheim på vokal og gitar, Helge Hummervoll på bass og gitar, Erik Nordtveit Åsheim på trommer og Henning Nordtveit på gitar. Karrieren deira starta på scena i ein lokal 50-årsdag, og i dag er dei godt kjende for å skape liv og røre på konsertar. 


– Me har spelt saman i mange år, så me kjenner kvarandre godt, seier Håvard og legg ikkje skjul på at han saknar stemninga når salen kokar av menneske i godt humør som alle kan låtane FYK speler. 

Men Håvard har og andre jarn i elden. Håvard Ersland Trio er ein ung trio som utanom Håvard består av Stian Andreas Egeland Andersen på kontrabass og Axsel Skalstad på trommer. Lista over samarbeid og prosjekt som Håvard driv på med er til å bli småsvimmel av. Dei varierte prosjekta krev og at han er trufast til å øve.

– Eg er glad i å øve, det er alltid kjekt å kjenne på at ein blir betre. Speler du den same frasa ein million gonger i alle toneartar så brenn den seg inn i fingrane og hovudet etterkvart. 

– Det er sjeldan eg blir lei, eg prøver å sjå på øvinga som ein arbeidsdag. Dette er jobben min no. 

I tillegg til FYK og Håvard Ersland Trio speler Håvard i bandet Klossmajor, der også Dorothea Økland er vokalist. Håvard er frilansar og meiner arbeidsdagen er fri og givande. Han styrer seg sjølv, likevel har koronarestriksjonane sett rammer for kor mange konsertar han har hatt, og ikkje minst kor mange publikum det er lov å ha salen. Før jul hadde han og Dorothea Økland åtte julekonsertar. Dei klarte å gjennomføre konsertane, men planane om å ha med barnekor gjekk i vasken. På konserten i Gjesdal kom det faktisk ingen publikummarar. 

– Det var litt spesielt. Truleg var det eit resultat av at få kjende til oss, og at koronaen gjer at folk er litt meir forsiktige. Det kom folk på dei andre konsertane, og det vart fine opplevingar. 

Han og Dorothea møtte kvarandre på jazz-studiar i Stavanger og har begge fått Sildajazz-prisen dei siste åra. På nettstaden jazzinorge.no blir dei omtalt som to store jazz-talent frå regionen. Julekonsertane som dei hadde no vart støtta av både Kulturrådet og Rogaland fylkeskommune, noko som gav dei økonomisk tryggleik i ei veldig sårbar tid for bransjen.

Saman med Dorothea Økland gjennomførte Håvard Ersland åtte julekonsertar i fjor. (Foto: Malene Økland)


Musikken har alltid vore viktig for familien i Imsland. Både faren og bestefaren til Håvard har spelt gitar og bass opp gjennom åra, det var dermed ganske naturleg at den unge Håvard starta på kulturskulen i Imsland. 

– Eg tok timar i klassisk piano på kulturskulen på barneskulen. Det syns eg faktisk var litt kjedeleg, men eg visste at eg måtte fullføre året før eg fekk slutte, fortel Håvard og smiler. 

Seinare fekk han smaken av å vere med i band, og på Ungdommens Kulturmønstring (UKM) vakna musikk-gleda for alvor igjen, denne gongen med gitar og bass. 

– Det var veldig kjekt å spele i band, sjølv om eg mistenker at det var like kjekt at me fekk fri frå mattetimane for å øve, fortel Håvard og mimrar tilbake til ungdomsskulen. Øvingstimane klarte likevel å vekke ei musikk-glede. 

– Då var Eric Clapton blant dei store heltane, eg høyrde mykje på albumet «Slowhand», minnest han.

Den britiske supergitaristen inspirerte stort, og planen til Håvard var klar. Han skulle studere musikk, og då med gitar som hovudinstrument. Første stopp på utdanningsvegen vart Skeisvang VGS på musikk-linja.

– Eg skjønte fort at veldig mange var flinkare enn meg på gitar. I tillegg måtte eg velje meg eit bi-instrument, det vart klassisk piano sjølv om eg hadde prøvd det tidlegare utan at det traff så godt. 

– Der skjedde det noko. Eg fekk Steinar Andsnes, som er far til Leif Ove Andsnes, som pianolærar, og han var dyktig. Det blei kjempeinspirerande, og lærarane var tydelege i rådet om å skifte hovudinstrument, dei såg at pianoet passa meg betre enn gitaren. Det gav meg lyst til å øve meir. 

Å vere klassisk pianist vart og litt skremmande. Håvard likte ikkje tanken på å vere åleine på scena, der alt står og fell på korleis ein sjølv meistrar stykket. Han sakna å vere ein del av ei gruppe, den gode gamle kjensla av å høyre til i eit band. Løysinga vart jazz-pianist. 

– Det kan hende at eg hadde takla det einsame livet på scena betre i dag enn eg tenkte då. Men eg byrja i alle fall på jazz-linja på Tonheim Folkehøgskole, jazz er friaren enn mange andre sjangrar. Det er mykje improvisasjon og mykje som skjer der og då, eg likar det og eg likar samspelet med dei andre. Du må vere god til å lytte, songane blir sjeldan like frå konsert til konsert. Det er spanande å ikkje ha kontroll på alt, meiner Håvard. 

På folkehøgskulen var det mange flinke og inspirerande lærarar, og Håvard bestemte seg for å studere utøvande jazz-musikk i Stavanger, og etterpå har han også tatt eit år med pedagogikk ved Norges Musikkhøgskole i Oslo. 

– Eg tok det litt med tanke på tryggleik, då har eg noko å falle tilbake på ved behov. Det er ikkje sikkert eg kjem til å undervise i musikk nokon gong, men no har eg sjansen til det. Eg klarer meg fint som utøvande musikar, men så har eg heller ikkje noko familie å tenkje på. Eg klarer fint å betale husleige, ete god mat og ta meg ei pils i ny og ne, seier han og smiler. 

Kjærasten er og frilansar, ho jobbar med film. Hovudbasen har dei i Oslo, men begge må ta med seg kontoret og jobben der det krevst.


Håvard Ersland i sving over hammondorgel. (Foto: Øystein Otterdal)


Håvard trivst og som komponist. Han likar å skape musikk, finne fram til dei rette tonane, flyten og sjå for seg korleis stykket skal framførast. Og han trivst med variasjonen i arbeidet. Ein dag speler han julemusikk saman med Dorothea Økland, ein annan dag kan han opptre på saloonen i Etne saman med FYK, spele på bluesfestival eller opptre på ein liten jazz-klubb ein annan dag. 

– Eg håpar eg held på med dette i mange år, at eg får sjansen til å spele med flinke folk, komponere og spele inn plater. Og så håpar eg folk får noko igjen for å lytte til musikken, og at dei ikkje angrar på at dei kom på ein konsert, seier han audmjukt. 

Sjølv lyttar han og til andre sin musikk kvar einaste dag. 

– Eg høyrer jo mykje på gamal jazzmusikk, som Bud Powell og Jimmy Smith som spelar piano og hammondorgel. Målet er å sjekke ut ei ny plate kvar dag, for å finne inspirasjon og halde seg gåande musikalsk. Eg prøver å ikkje henge fast i ein bestemt musikksmak.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips