Byggjer innovasjonsteam

Anette Matre (34) frå Ølen er tilsett som ny HR-sjef i Innovasjon Norge. Ho meiner menneskelege ressursar er grunnleggande i god næringsutvikling.

Anette Matre frå Ølen gjekk nyleg inn rolla som Divisjonsdirektør HR og organisasjon i Innovasjon Norge. Foto: Privat.


– Oppveksten i gründerbygda Ølen har vist meg kor mykje kvar og ein av oss kan skape, fortel Anette Matre. Denne dagen har ho nett vore i barnehagen for å levere fireåringen og eittåringen ho har saman med kona Dagny, no sit ho i bilen på veg til Innovasjon Norge sitt kontor i Oslo. Matre har etablert seg utanfor Lillestrøm med familien sin, også det er eit produkt av oppveksten på vestlandet.

– Eg har fått nok av å bu midt i bygatene, det er nok Ølen-oppveksten som også førte til at eg søkte meg ut av byen når me skulle busetje oss. Eg må ha utsikt, slår ho fast.

Ho treng pustehola i kvardagen, turane med barna ute i naturen, både for å reinske hovudet, men også for å passe på helsa, som ho kallar det sjølv. Tida då ho klatra høge fjell er kanskje over, men likevel tronar framleis toppturen til Kilimanjaro på Facebook-profilen. Anette Matre er glad i å bruke seg sjølv, og ho likar å jobbe med menneske. Noko som også skulle vise igjen i studieløpet. Eigentleg var det jurist ho skulle bli, tre år ut i studietida ombestemte Anette seg likevel.

– Etter kvart vart faget for distansert til menneska rundt. Det enda med at eg hoppa av etter tre år på jus-studia og byrja å jobbe med rekruttering og HR, det har eg blitt verande med som fagfelt, seier ho.

Tidleg arbeidsmoral

Ho er dotter av Øystein Matre, ein av gründerane bak Westcon-eventyret og meiner sjølv ho har fått med seg ein god arbeidsmoral heimanfrå. I 2014 vart ho rangert av E24 som ein av Noregs Topp 100 unge leiarar. I desse dagar avsluttar ho også ein Executive Master i leiing ved Handelshøyskolen BI. No har ho ansvaret for at Innovasjon Norge byggjer ei god plattform der dei rette personane kjem på plass for å kunne arbeide med å stimulere til vekst i norsk næringsliv. Heime lærte ho at ingenting kjem gratis, og at ein må legge ned ein innsats skal ein hauste resultat. 

Generelt sett har oppveksten min i Ølen og verdigrunnlaget frå både mor og far mykje å bety for den eg er på jobb i dag.

– Eg har jobba i stort sett alle feriar frå tidleg alder og lærte raskt at det var viktig å gjere ein innsats, det var viktig å levere. Generelt sett har oppveksten min i Ølen og verdigrunnlaget frå både mor og far mykje å bety for den eg er på jobb i dag, meiner ho bestemt.

Anette Matre trivst godt med menneske rundt seg, ho meiner alle har ei viktig livshistorie med seg og skal bli behandla på ein skikkeleg og respektfull måte. Likevel veit ho at HR-arbeid også fører med seg ein viktig balansegang.

– Det er klart det er krevjande balanse mellom å vise omtanke og forståing og det å setje krav. For meg handlar det ofte om å møte alle menneske på ein konstruktiv måte. Og i dette faget blir ein aldri ferdig utlært, ein kan alltid lære meir om mennesket og korleis me kommuniserer, seier ho og viser til både emosjonell og sosial intelligens som viktige ingrediensar i jobben.

Stolt av gründer-bakgrunnen

Etter mange år med HR-arbeid i oljeselskapet Shell, kom ho i 2016 inn i Innovasjon Norge, då som HR Business Partner. Etter kvart har ho gått gradene som HR Manager og Acting HR Director før ho 1. august i år starta i jobben som Divisjonsdirektør HR og organisasjon. Til Innovasjon Norge si eiga nettside sa ho at ho audmjukt gledde seg til oppgåva då ho skulle tiltre stillinga. Ho ynskjer at HR-divisjonen skal vere tett på forretninga, fagforeiningane og samstundes sikre at selskapet får ei berekraftig utvikling.

– Hender det at du får nokre innspel med deg tilbake til Oslo når du er heime i Ølen?

Og ikkje minst blir eg alltid minna på at det er på Vestlandet ein skaper verdiar, og ikkje i hovudstaden.

– Så absolutt, dei gir innspel heile tida. Og ikkje minst blir eg alltid minna på at det er på Vestlandet ein skaper verdiar, og ikkje i hovudstaden, seier ho og ler, før ho litt tankefullt legg til:

– Men det hender eg gir nokre innspel eg også, det er ikkje fritt for at næringsutvikling kan bli tema rundt middagsbordet nei, seier Anette som framleis er varamedlem til styra i familie-bedriftene Westcon Power & Automation og Westcon Olvondo.

– Eg er djupt rota i gründerkulturen og næringslivet på Vestlandet, det ber eg stolt med meg og eg meiner at det er ein bakgrunn som er med på å skilje meg ut frå mange andre, det gir også andre perspektiv og breidde, og dermed mangfald i større organisasjonar som held til i hovudstaden.

Ei krevjande tid

Tida i Innovasjon Norge har også vist henne at det bles på toppane. Ho var ein av dei involverte personane i HR-avdelinga då selskapet hausta kritikk for å tilby ei av landets rikaste kvinner, Katharina Andresen jobb. Kritikarane meinte Andresen ikkje var kvalifisert til jobben, og at Innovasjon Norge hadde skapt ein ledig jobb for imøtekome ønsket til Andresen. Dette blei seinare tilbakevist etter ei ekstern vurdering utført av konsulentselskapet Deloitte. Epost-dialogen som Anette Matre hadde med Andresen vart smurt utover i nasjonale medium, og toppsjefen Anita Krohn Traaseth fekk hard medfart. Ei stund etter sa Traaseth opp jobben sin, seinare gjekk også HR-sjefen Yvonne Fosser.

– Det er klart at det er krevjande som menneske å stå i slike situasjonar når det står på som verst. Samstundes så er den hendinga ei av dei opplevingane i karrieren som eg har lært mest av, både om meg sjølv, om det å jobba i ein offentleg organisasjon med ein toppleiar som har ei enorm medieinteresse, og om media si rolle oppi det heile.

– Ikkje så gale at det ikkje er godt for noko er det nokon kloke før meg som har sagt, seier Matre med ettertanke.

– Så er det også viktig å få med at media er der for å sjå til at prosessar og saker i det offentlege går som dei skal, og setje fokus der det trengs, også i Andresen-saken. Dei speler ei viktig samfunnsrolle, og skal fortsetje å gjere det, sjølv om det kan vere ubehageleg for enkeltindivid.

Den rette samtalen

Det var 75 søkjarar til den ledige stillinga som Divisjonsdirektør HR og organisasjon, i sommar vart det avklart at Anette Matre var den best kvalifiserte av søkjarane til jobben. Administrerande direktør i Innovasjon Norge, Håkon Haugli, la vekt på Anette si genuine interesse for menneske, erfaring frå norsk næringsliv og forståing for Innovasjon Norge sine kundar og samfunnsoppdrag då han annonserte tilsetjinga.

Menneskelege ressursar er noko av det viktigaste ein har i bedriftene, å tilsetje feil person er ressurskrevjande.

– Menneskelege ressursar er noko av det viktigaste ein har i bedriftene, å tilsetje feil person er ressurskrevjande. Alt for få bedrifter nyttar seg aktivt av prøvetida på seks månadar som alle nytilsette har. Her kan ein tidleg avklare om det er eit arbeidsforhold som passar forventningane til begge partar. Av erfaring ser me at ein må vere både modig og moden som leiar for å gå inn i slike prosesser, slår Anette fast.

– Er du modig? 

– Eg er iallfall ikkje redd for å vere direkte, eg går ikkje rundt grauten dersom me har eit problem. Mange leiarar syns det er enklare å ta den lette samtalen enn den korrekte, eg vil heller ta den rette samtalen sjølv om det kan vere vanskeleg.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips