Berre fantasien set grenser i 3D-printing 

Fram til midten av november kan kven som helst prøva 3D-printing på biblioteket i Ølen. Onsdag fekk bibliotekarane opplæring - og vart hekta. 

Kursleiar Marianne Hebnes (t.v.) viser bibliotekarane Silje Holden Birkeland, Guri L. Ravatn og Any T. Heggebø litt av kva som kan lagast. Alt er printa ut i eit stykke. Alle foto: Ellen Marie Hagevik

Guri L. Ravatn innrømmer at ho var litt skeptisk til Rogaland fylkesbibliotek sitt siste tilbod til alle biblioteka i fylket: 3D-printing. 

- Med mitt «gamle» hovud og hender hadde eg trudd det skulle vera vanskeligare. Det er litt uvant, men veldig kjekt og stimulerande å sjå kva ein kan få til. Dette er absolutt noko alle kan prøva seg på, seier bibliotekaren. 

Uante mogelegheiter 

Saman med dei to andre bibliotekarane i Ølen, Any T. Heggebø og Silje Holden Birkeland, fekk ho opplæring av Marianne Hebnes frå VIZO i både design og korleis 3D-printaren skal brukast. 

- Eg starta opplæringa i august og blir ferdig på siste biblioteket uti november neste år. Ungar tar dette med ein gong. Ikkje minst fordi dei ikkje bryr seg om reglar og tenkjer utanfor boksen. Men vaksne blir like hekta når dei ser kva som er mogeleg å få til, seier ho og kikkar smilande på dei tre bibliotekarane, som etter endt opplæring har fått tittelen produksjonssjefar. 

- Ein ting er kva ein kan laga av artig design, men minst like fascinerande er dei uante mogelegheitane for kva ein kan laga av nyttige ting,, seier Holden Birkeland. 

Folkeverkstad 

Fylkesbiblioteket har tre 3D-printarar som no er på utlån seks veker på kvart bibliotek. Dette er ein del av arbeidet med å gjera biblioteket til ein møteplass og folkeverkstad for alle. 

- Biblioteket er ein perfekt arena for å formidla kunnskap, og lavterskeltilbod som dette engasjerer og stimulerer kreativiteten blant folk i alle aldrar. Eit av måla er også at ein skal læra av kvarandre, seier Heggebø. 


Biblioteket har ikkje kapasitet til å ha opplæring i design, men dei som har lyst til å prøva seg kan designa heime, ta filene med seg på minnepinne og få rettleiing av produksjonssjefane. Tilbodet varer altså i seks veker, så må biblioteket senda Ultimaker2+ frå seg. Dei tre produksjonssjefane ønskjer allereie å gjera dette til eit permanent tilbod. 

Ønsker seg eigen 3D-printar 

- Dette er teknologi i praksis, og vi har tru på at dette er eit designområde som passar inn i næringslivet i Vindafjord. Å ha ein 3D-printar tilgjengeleg for alle, vil kunna stimulera til utvikling av nye idear og gründerar. Lærar i kunstfag i kulturskulen har lenge hatt ein slik printer på ønskelista. Om vel eit år flyttar vi saman i nytt kulturhus, og ein 3D-printar kan vera ei fin innflyttingsgåve. Vi kan også ta imot den på forskot, seier dei tre. 

Hintet til VAF og resten næringslivet i Vindafjord er hermed overlevert. 

At 3D fengar var det liten tvil om på workshopen onsdag ettermiddag. Ni ungdommar og eit par vaksne fekk designa kvar sin gjenstand. Tre av ungdommane, Emma Øverland Steinstø, Stefan Skrede Jiopong og Tobias Tverå, synest det er kjempekjekt at biblioteket gjev eit slikt tilbod. Ingen av dei har designa i 3D før. 

Emma var der saman med ei kunst- og designgruppe frå kulturskulen. Der skal dei jobba vidare med 3D i perioden framover, og alle tre vil designa og nytta seg av printeren medan den er i Ølen. 

Ingen grenser 

Det er knapt grenser for kva som kan lagast med ein 3D-printar, og bruken aukar. Også fordi det kan spara både tid og store kostnadar. 

- Mellom anna blir det nytta i verdsrommet. Har astronautane på ein romstasjon bruk for delar eller verktøy, blir det designa av kollegaer på bakkeplan. Deretter sender dei det som ei fil til romstasjonen der dei printar det ut i 3D. Mykje raskare og rimeligare enn å senda opp eit romfartøy, seier Hebnes. 

Ho er dagleg leiar for VIZO – 3D for alle, som både held kurs og forhandlar 3D-printarar.

Tips oss!

Folk i vinden

Har dere en ny kollega på laget? Send oss en epost og vi legger det ut på Folk i vinden!

Send tips
Har du en god Medvind-sak?

Har du gode tips fra næringslivet i Vindafjord? Stikk innom, eller kontakt oss!

Send tips
Kalender

Har du forslag til ny kalenderoppføring?

Send tips